KVU Rv. 15 Strynefjellet.
Uttale til Revidert tilleggsutgreiing inkl. fv. 63 heilårsveg til Geiranger
Næringslivsorganisasjonane som står bak denne uttalen viser til høyringa lagt ut på www.vegvesen.no og til anna dokumentasjon i KVU-arbeidet.
For vårt område er det ferjefrie sambandet aust/vest via Rv15 Strynefjellet avgjerande viktig å få som eit påliteleg og rassikkert vegsamband og med betre stigningstilhøve for all transport. At så ikkje er tilfelle i dag har Statens vegvesen på ein ryddig og god måte synleggjort i det store utgreiingsarbeidet som ligg bak tilrådinga. Vi viser dessutan til TØI-rapport 1490/2016 som også dokumenterer situasjonen i dag, samt kva moglegheiter det ligg i ny og tilrådd løysing.
Nordvestlandet har eit ekspansivt næringsliv som har vilje til omstilling. Rv 15 Strynefjellet er ein særs viktig veg som vert brukt av våre medlemsbedrifter anten det gjeld trafikk til/frå Ottadalen, Trondheim, Gudbrandsdalen, Mjøs-området, store deler av Austlandet elles og som tilførsel til/frå fleire destinasjonar i utlandet.
Sjølv om det er ei sentral målsetjing om at meir gods skal over på kjøl og tog, vil det framleis vere landevegen som vil stå for det meste av transportarbeidet for våre medlemsbedrifter. For å kunne få tilført samt levere råstoff og ferdigvarer er det såleis svært avgjerande at vegsystemet er å lite på. Sikker framkomst er også viktig i høve lovverk for køyre- og kviletid.
Fleire analyser viser at reiselivet kan bli ei stor vekstnæring. Statens vegvesen si tilråding og Vegdirektoratet sitt konseptvedtak om å kunne etablere kryss i Rv 15 tunnelen for å opne eit ferjefritt heilårssamband mellom Geiranger/Verdsarvområdet og Austlandet/Nordfjord/Sunnmøre vil ha stor betyding for vårt næringsliv og sikring av fleire heilårs arbeidsplassar i regionen.
At Statens vegvesen også har hatt eit miljøperspektiv, som med betre tilhøve for villreinen, ser vi på som positivt.
Vi ber om at følgjande vert lagt til grunn for vidare planlegging:
- Underskrivne næringslivsorganisasjonar sluttar seg til Statens vegvesen si tilråding om at Konsept B1, og med arm til Opplendskedal, vert vald som konsept for rv.15 Strynefjellet
- Næringslivsorganisasjonane er samde i at dette konseptet er tilfredsstillande for å oppnå full måloppnåing
- Næringslivsorganisasjonane viser til at ulike konsept har vore utgreidd over ein lang tidsperiode, og ein stiller seg bak Statens vegvesen si tilråding om å gå rett på utarbeiding av reguleringsplan med konsekvensutgreiing
Ein ber Samferdselsdepartementet og Regjeringa om snarast å fatte vedtak av konseptval B1 med arm til Opplendskedal, samt innarbeide gjennomføringa tidlegast mogleg i NTP 2018-2029. Dette ser ein også som positivt i høve til tunnelsikkerheitsforskrifta.
Beste helsing
Ørsta Næringskontor
Odd Magne Vinjevoll, dagleg leiar (sign)
Volda Næringsforum
Stefan Halck, dagleg leiar (sign)
Stryn Næringssamskipnad
Anita Vinsrygg, styreleiar (sign)
Mafoss
Terje Høybakk, dagleg leiar (sign)
Hareid Næringsforum
Rakel Dyrhaug, dagleg leiar (sign)
Herøy Næringsforum
Geir Idar Kvalsvik, dagleg leiar (sign)