kommune

Merknad og innspel til Skiltplan del av Volda sentrum - Utlegging til offentleg ettersyn

Volda Næringsforum har i dag sendt følgjande merknad / innspel til Volda Kommune :


FRAMLEGG TIL SKILTPLAN FOR DEL AV SENTRUM - OFFENTLEG ETTERSYN

MERKNAD / INNSPEL

Vi har tidlegare gjeve konkret oppsummert innspel til saka ved vårt brev av 6.12.2018.

I Forvaltningsutvalet sitt vedtak av 29.1.2019 går det fram at saka særskilt tek utgangspunkt i innspel frå Volda Næringsforum (VNF), i denne saka i praksis frå næringsaktørane i sentrum.

Vi er difor uroa over at Volda kommune ikkje synest å ta omsyn til vesentlege moment vi etter ein grundig prosess gjer greie for i vårt brev av 6.12.2018.

Vi kjem her med merknad til det konkrete planframlegget, og innspel vil vidare prosess knytt til skiltplan for resten av sentrumskjernen.

Merknad til planframlegget:

Planframlegget syner på ein god måte retninga på korleis ein på ein må løyse dei trafikkale utfordringane i sentrumskjernen generelt og planområdet spesielt. Vi oppfattar intensjponen bak framlegget slik:

  1. Det vert lagt opp til fartsgrense 30 km/t i heile planområdet med unntak av E39. Avviket frå konsekvent og nødvendig løysing ser ut til å vere at det er skissert 50 km/t i heile eller del av Hamnegata.

  2. Parkering med maks p-tid 2 timar i heile området med unntak av særskilt skilta plassar.

  3. Oppmjuking av køyremønster ved fjerning av innkøyringsforbod og einvegskøyringar

Dette er særs positive tiltak som er i samsvar med dei prinsippa som vi også meiner må leggast til grunn i resten av sentrumskjernen.

Av omsyn til at Volda sentrum må framstå inviterande og oversiktleg, vil vi likevel sterkt tilrå at punkta 1. og 2. over vert etablert ved soneskilting (30 km/t) ved innkøyring til planområdet. Dette vil i vesentleg grad dempe inntrykket av sentrum som ein skiltjungel, og mjuke opp opplevinga av sentrum. Døme på velfungerande tettstadar som byggjer på dette er Sogndal.

I skiltframlegget har det nokre plassar oppstått utfordringar i høve fartsgrense som følge av manglande innplassert skilt 362.30 (30 km/t), t.d. ved utkøyring frå Stormyra og Seljebakken til Storgata. Også dette vil løyse seg på ein god måte ved å etablere soneskilting.

Når det no vart slik at kommunen valde å ikkje ta omsyn til heilt vesentlege moment i vårt innspel av 6.12.18, vil vi likevel peike på at det er nødvendig at planframlegget vert slutthandsama og iverksett no. Prosess for resten av sentrumskjernen kjem vi inn på i punktet under.

Innspel til vidare arbeid:

Vi ser at administrasjonen i saksutgreiinga peikar på at «det er behov for vidare arbeid med trafikkskiltplan for heile Volda sentrum.»

Vi gjev vår fulle tilslutning til denne vurderinga, og vil legge til at dette behovet er særs prekært. Vi syner utfyllande til vårt brev av 6.12.2018.

Vi vil avslutningsvis igjen sterkt understreke at noverande skilting og trafikkal situasjon i sentrumskjernen i vesentleg grad påverkar sentrumskjernen negativt. Vi vil difor gjerne medverke konkret for å påskynde vidare skiltplanprosess for resten av sentrum.

Vi vil difor gjerne ha dialog med Rådmannen om det vidare arbeidet i forkant av administrativ og politisk handsaming av planen, og denne merknaden tek utgangspunkt i at vi får dette til.

Vennleg helsing
Volda Næringsforum