Industrifondet - næringsfond for industriretta produksjon
Går du med ein idé om å starte industriretta produksjon? Eller har di bedrift ynskje om å vidareutvikle allereie eksisterande produksjon med nye spennande produkt?
Då kan du søkje Volda Næringsforum om støtte.
Volda Næringsforum kan årleg gje inntil NOK 50.000,- i oppstartsstøtte til verksemder som ynskjer å starte opp eller vidareutvikle seg innan industri eller industriretta produksjon. Det årlege beløpet kan gå til ei enkel verksemd, eller fordelast på fleire.
Kven kan søkje?
Verksemder som held til eller ynskjer å starte opp verksemd i Volda kommune, og som skal starte opp med eller vidareutvikle seg innan industriretta produksjon
Kva meiner vi med "industriretta produksjon"?
Føremålet skal vere å utvikle eller produsere nye fysiske produkt i eit industrielt omfang.
Kva skal søknaden innehalde?
Søknaden skal innehalde forretningsidé (med budsjett), der ein beskriv idéen/konseptet så godt som mogleg. Det blir ikkje gitt støtte til løypande dagleg drift.
KOR MYKJE KAN EIN FÅ i STØTTE?
Einskilde verksemder kan få inntil NOK 50.000,- i støtte. Dette er den totale sum til årleg fordeling, og kan difor også bli fordelt på fleire verksemder.
KORLEIS SØKJER EG?
Send oss ein e-post med forretningsidé (med budsjett) lagt ved, til post@voldaforum.no.
SØKNADSFRIST
Søknadar vert løypande vurdert av styret i Volda Næringsforum, i ordinære styremøte.
Kvifor støttar vi dette?
Då Volda Industrilag i 2015 bestemte seg for å gå inn under Volda Næringsforum, vart det bestemt at restmidlane i laget skulle gå til oppretting av eit industrifond. Fondsstyrar skulle vere styret i Volda Næringsforum.
Volda har lang tradisjon for industriproduksjon. Mellom anna Brunvoll Volda har utvikla seg frå ein sped start som Volda Mek. til å bli ein stor industribedrift. Volda Næringsforum og næringslivet ynskjer å stimulere til at det også i framtida skal gå føre seg industriproduksjon i Volda.