Vi utviklar Volda!

Gjennom møteplassar, påverknadskraft og dialog har Volda Næringsforum som mål å utvikle næringslivet i heile Volda og i Volda-området. 

Volda Næringsforum er ein aktiv katalysator for å skape samarbeid og vinn-vinn-situasjonar for og mellom medlemmane våre. Med innsikt i og god kjennskap til dei lokale tilhøva, hjelp vi medlemsbedriftene i rett retning. Vi sikrar at medlemmane blir høyrt i viktige saker.  
Vi er opptatt av samfunnsansvar og eit berekraftig Volda-samfunn - no og i framtida.

 
I ein hektisk kvardag har vi alle nok med vårt og vårt eige. Utanfor våre eigne veggar, treng vi kompetente ressursar som jobbar for fellesskapen og gode rammevilkår.
— Hege Karete Hamre, Sparebanken Møre

Kva kan vi gjere for deg?

 

Møteplassar

Vi er eit inkluderande fellesskap der medlemsbedriftene finn og bruker kvarandre gjennom utveksling av erfaringar, idear og produkt. Vi skapar gode føresetnader for medlemmane ved å legge til rette for gode møteplassar, dialog og relasjonsbygging.

  • Frukostmøte for medlemmane - eit høve til å byggje nettverk og knytte nye relasjonar

  • Frukost- og lunsjseminar - møteplassen der du får fagleg relevant påfyll eller blir presentert for kva dei andre medlemsbedriftene driv på med

  • Voldadagen - eit årleg lavterskel-arrangement i Propellhallen i Volda sentrum der alle bedrifter, lag og organisasjonar får høve til å presentere seg for publikum.

  • Samspel og møtepunkt med Volda kommune, gjerne med tema relatert til undergrupper hos Volda Næringsforum ; Reiseliv, næringspolitikk, marknad og kompetansebygging.

Rådgjeving

Vi er eit bindeledd mellom medlemmar, samarbeidspartnarar og andre viktige aktørar i og rundt Volda. Dette gir oss ein unik kunnskap om kva som rører seg lokalt og i regionen.
I tillegg har vi regelmessig dialog med andre næringskontor på søre Sunnmøre, gjennom samarbeidet NæSS (Næringsforeningane på Søre Sunnmøre)

Vi kjenner Volda!

Denne innsikta nyttar vi for å skape verdi for våre medlemmar og samarbeidspartnarar.

 

 

Etablere eller utvikle deg i Volda?

Vil du utvikle bedrifta di, eller etablere noko nytt i Volda? Du kan rådføre deg med Volda Næringsforum om det er noke du lurer på. Vi har også tilgang til nettverk der du kan søkje om støtte frå Innovasjon Noreg og andre støtteordningar.

Vi kjenner også godt til dei lokale tilhøva i Volda. 

  • Vi har oversikt over, eller har kontakt med, grunn- og huseigarar i samband med behov for kontor- eller andre lokalitetar

  • Interessert i å samhandle eller samarbeide med andre aktørar i Volda?

Vi ynskjer å hjelpe deg med dette og mykje meir 

Ta kontakt med oss for ein prat

Påverkingskraft

Vi talar di sak i viktige og relevante debattar. Vi har tilgang til forum der vi kan påverke utviklinga til det beste for våre medlemmar - og for di bedrift. Vi er eit legitimt bindeledd mellom medlemmar og relevante aktørar i Volda og i regionen.

Vi jobbar tett med medlemmane gjennom styret i Volda Næringsforum. I tillegg har vi fleire undergrupper sett saman av representantar frå medlemsbedriftene ; Næringspolitisk, Nettverk & Kompetanse, Reiseliv og Marknad.

Volda Næringsforum er mellom anna deltakar i følgande fora:

  • Regelmessige statusmøter med administrasjonen i Volda kommune.

  • Næringsforeningane på Søre Sunnmøre (NæSS) sin felles møteplass.


Medlemssamansetjing

 

Serviceavgift

Tal på årsverk       Årleg serviceavgift eks.mva

0 – 1 **                            1 250

2 – 4                               2 700

5 – 10                             4 000

11 – 30                            6 000

31 – 50                           9 000

51 – 75                          15 000

75 – 100                       20 000

101 – 250                     26 500

251 – 500                    39 500

 * serviceavgift fakturerast årleg
** gjeld også enkeltpersonføretak og andre verksemder utan tilsette

 

Styret

Volda Næringsforum har eit styre sett saman av representantar frå eit breitt lag av medlemmane. Vi er stolte av styret vårt, og saman sikrar vi at stemma di vert høyrd og at vi prioriterer dei sakene du er oppteken av. 

Ordførar og kommunedirektør i Volda Kommune er assosierte medlemmar i styret, men har ikkje røysterett.

 
Profilbilete Jon – Crop.jpg

Jon Heltne
(Volda Sentrum AS)

Styreleiar
jon@spinneriet.net
Telefon: 485 07 430

 

Komande styremøte 2024 :

  • Onsdag 21. februar

  • Tysdag 19. mars

Komande frukostmøte 2024 :

  • Fredag 19. april

  • Torsdag 23. mai

  • Torsdag 20. juni


Styremedlemmar :

  • Jon Heltne (Volda sentrum), Styreleiar

  • Odd Martin Velsvik (Mesterhus), Nestleiar

  • Kay Ove Johansen (NOG Access)

  • Mette Ryste (Sparebank 1 SMN)

  • Jon Bjørdal (Tredet)

  • Kristin Rødven Eide (Fotografen Eide)

  • Stian Osdal (Osdal Catering)

 

Vara til styret er:

  • Kjell Erik Rotevatn (Rotevatn Trafikkskule)


Vedtekter

Volda Næringsforum sine vedtekter er tilgjengeleg for alle. Dei kan lastast ned under.