MERKNAD FRÅ VOLDA NÆRINGSFORUM
Volda Næringsforum (VNF) vil med dette kome med innspel til Planprogram Arealdelen 2018-2030.
Nyhende
I samband med samanslåinga av Volda Handelsforening og Volda Næringsforum vedtok styra i dei to foreningane ein ny organisering i form av konkrete fokusgrupper. Disse skulle leggast inn under Volda Næringsforum si eksisterande organisasjon.
Tanken bak disse gruppene kom mellom anna frå Volda Handelsforening sitt Arena-prosjekt, der følgande tre grupper var skissert (med stikkord om dei ulike gruppene si rolle):
Den næringspolitiske gruppa skal ha sitt første møte hausten 2016, medan marknadsgruppa alt er godt i gang.
Denne hausten vil fokus vere på korleis vi kan få til gode handelsfremmande aktivitetar i samarbeid med andre aktørar, samt på meir generelle tema som åpningstider, julegate, mv.
Vi er allerede i dialog med fleire samarbeidspartar om aktivitetar i samband med førjulshandel i Volda, og har stor tru på at vi kan få til eit godt opplegg for dette - ein vinn-vinn-situasjon der handel og oppleving står i fokus.
Dei som so langt har sagt seg villige til å bidra i marknadsgruppa er Karsten Olsen (Skolsen), Wenche Aas (Cubus), Dan Helge Bjørneset (Spinneriet), Linda Sefland (G-Sport) og John Abraham Nymark (Interoptikk Nymark). Vi ynskjer velkomne fleire aktørar i gruppa, slik at vi kan sikre enda bedre forankring ut mot medlemmane - og fleire gode marknadsaktivitetar gjennom heile året.
Saman med gruppa og i samarbeid med andre aktørar i Volda-samfunnet trur eg vi kan få til ei god utvikling for handels- og opplevingstaden Volda i tida framover!
(Foto: Volda Næringsforum)
Volda kommunestyre godkjenner at avsette midlar for 2016, kr. 253.000,- til reiselivsutvikling vert overført Volda Næringsforum. Midlane skal øyremerkast til bruk i prosjektet og utviklingsarbeidet “Destinasjon Volda”, og vert organisert av Volda Næringsforum.
Midlane skal inn til vidare nyttast med særleg utgangspunkt i utvikling av reiselivet i heile kommunen. Ein føreset difor at det vert styrt av ei prosjektgruppe som vert oppretta og slik samansett: 2 representantar frå Volda Næringsforum, 2 frå Volda Reiselivslag og 2 frå Volda kommune.
Kommunestyret ber om rapportering i årsrapport og ein prosjektrapport innan 1.juli 2017 i samsvar rådmannen sin konklusjon i denne saka.
Kommunestyret vil vurdere effekten av måloppnåing og resultat opp mot kor vidt det skal løyvast midlar vidare. Dette vil kommunestyret kome attende til i samband med budsjettet for 2018.
På vegne av styret i Volda Næringsforum vil vi takke Volda kommune for tilliten, og ser fram til å ta fatt på utviklingsarbeidet av Volda som handels- og opplevingsdestinasjon.