I samband med samanslåinga av Volda Handelsforening og Volda Næringsforum vedtok styra i dei to foreningane ein ny organisering i form av konkrete fokusgrupper. Disse skulle leggast inn under Volda Næringsforum si eksisterande organisasjon.
Tanken bak disse gruppene kom mellom anna frå Volda Handelsforening sitt Arena-prosjekt, der følgande tre grupper var skissert (med stikkord om dei ulike gruppene si rolle):
- Marknad og profil (årshjul, marknadsføring, felles profilering, koordinering av og samarbeid om aktivitetar, mv.)
- Nettverk og kompetanse (møteplassar, dialogmøte, kurs, fagleg påfyll, mv.)
- Organisasjon og Virke (næringspolitisk arbeid i samband med høyringar, planprosessar, innspel til utvikling, mv.)
Den næringspolitiske gruppa skal ha sitt første møte hausten 2016, medan marknadsgruppa alt er godt i gang.
Marknadsgruppa sitt fokus
Denne hausten vil fokus vere på korleis vi kan få til gode handelsfremmande aktivitetar i samarbeid med andre aktørar, samt på meir generelle tema som åpningstider, julegate, mv.
Vi er allerede i dialog med fleire samarbeidspartar om aktivitetar i samband med førjulshandel i Volda, og har stor tru på at vi kan få til eit godt opplegg for dette - ein vinn-vinn-situasjon der handel og oppleving står i fokus.
Vi ynskjer fleire gode idear og innspel
Dei som so langt har sagt seg villige til å bidra i marknadsgruppa er Karsten Olsen (Skolsen), Wenche Aas (Cubus), Dan Helge Bjørneset (Spinneriet), Linda Sefland (G-Sport) og John Abraham Nymark (Interoptikk Nymark). Vi ynskjer velkomne fleire aktørar i gruppa, slik at vi kan sikre enda bedre forankring ut mot medlemmane - og fleire gode marknadsaktivitetar gjennom heile året.
Saman med gruppa og i samarbeid med andre aktørar i Volda-samfunnet trur eg vi kan få til ei god utvikling for handels- og opplevingstaden Volda i tida framover!