Merknad frå Volda Næringsforum til arealdel, kommuneplan (planprogram)

KOMMUNEPLAN FOR VOLDA KOMMUNE – PLANPROGRAM AREALDELEN 2018-2030 Planid 2016005

MERKNAD FRÅ VOLDA NÆRINGSFORUM

Volda Næringsforum (VNF) vil med dette kome med innspel til Planprogram Arealdelen 2018-2030. VNF sitt utgangspunkt for merknad botnar i eit generelt samfunnsperspektiv, og tek då særleg utgangspunkt i at gode og føreseielege rammevilkår for næringslivet er heilt avgjerande for ei god samfunnsutvikling i Volda.

Volda Næringsforum representerar næringslivet

Volda Næringsforum er høyringsinstans, og sender uttale på vegner av sine medlemmar og samarbeidspartnarar. Volda Næringsforum har i samband med arbeid med kommuneplan, arealdel vore i dialog med sine medlemsbedrifter i og kring Volda. I tillegg har arbeidsutvalet i styret i VNF og næringspolitisk gruppe arbeida med innspel. Bedriftane tilknytt VNF representerer private og offentlege verksemder innan industri, handel, privat tenesteyting og reiseliv, mv. Volda Næringsforum sender inn nokre overordna merknader til planen på vegner av desse medlemmane. Dette utelukkar ikkje at einskilde/grupperinger av verksemder sender inn sine eige merknader.

VNF vil gje ros for eit godt utarbeidd dokument. Planprogrammet gjev i ei god ramme for det vidare arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. Vår merknad går på tilhøve som vi ser kan gjerast noko meir presise, eller med fordel endrast eller leggast til.

 

Volda Næringsforum ynskjer tydelegare næringsperspektiv

Generelt oppfattar vi det slik at Planprogrammet har eit noko svakt næringsperspektiv. Planprogrammet skildrar på ein god måte Volda sin uvanleg store andel av sysselsetting i offentleg sektor. Dette er for så vidt eit gode, men ut frå fleire perspektiv er det viktig at Volda-samfunnet er medveten på dei utfordringar dette kan gje. Vi nemner nokre av perspektiva her:

  • Nasjonale føringar/politikk gjev signal om at vidare vekst i aktivitet og sysselsetting vil kome utanfor offentleg sektor. Dette vil m.a. medføre at «kampen» om dei offentlege arbeidsplassane vil verte hardare. For å selge inn Volda som destinasjon for ny, eller auke i, offentleg verksemd vert øvrige samfunnsfunksjonar desto viktigare, herunder særleg at Volda sitt næring- og samfunnsliv har optimale tilhøve for utvikling
  • For å rekruttere arbeidskraft er det slik at «resten av livet» ut over sjølve arbeidplassen vert stadig viktigare. Dette vil i realiteten seie at vektlegging av næring- og samfunnsliv for øvrig vert desto viktigare
  • For å kunne oppvege eventuelt fråfall eller stagnert vekst i offentleg sektor, vil det vere avgjerande at Volda har eit nærings- og samfunnsliv som er gjevne rammer for utvikling som kan vere ei motvekt til eventuell slik manglande vekst i offentleg sektor

Ut frå dette er det viktig at kommuneplanen på ein klargjerande måte synleggjer denne heilt avgjerande føresetnaden for god samfunnsutvikling, og konkret fangar opp behova for å legge tilrette for optimale tilhøve for næringsutvikling.  

I eit slikt næringsperspektiv er det for VNF også sentralt å peike på behovet for optimale og ambisiøse rammer for busetnad, idrett og øvrig samfunnsliv.

 

Behov for tydeleg avgrensa arealformål til nærings- og samfunnsutvikling

Med dette som bakteppe vil vi peike på følgjande element:

  • I høve tettstadsutvikling må det kome klart fram at arealdelen bygger på føresetnader og rammer som er tekne opp i tettstadsprosjektet Mellom Bygningane i Volda (MBV), herunder at defineringa av sentrum følger det same sporet. Det er her og sentralt et ein klarare fokuserer på å plassere aktivitetar og tilbod i sentrumskjernen for å styrke den urbane utviklinga av tettstaden, herunder både kulturtilbod m.m., men og ved etablering av arbeidsplassar og offentleg verksemd
  • Når et gjeld busetnad og tilhøve til fortetting er det viktig at ein klarare definerer at dette gjeld sentrumskjernen, og at det ikkje ligg i dette at ein opnar for fortetting i allereie etablerte buområde/bustadfelt utanfor sentrumkjernen. Dei gode kvalitetane som ligg i allereie etablerte buområde er sentrale for Volda som busetnadsdestinasjon 
  • Det vil og vere viktig at ein ved etablering av nye bustadområde ikkje grip inn i randområda til eksisterande område nytta til handel, næringsverksemd, offentleg verksemd, idrettsverksemd m.m. På dette området må ein ha eit tidsperspektiv som går langt ut over 2030.
  • Arealdelen må fange opp at industrien og deler av næringsverksemdene har behov for areal som er eksklusive for industri, industriell service, anleggsverksemd o.l.. Det vil vere nødvendig at det i desse områda ikkje vert blanda inn andre aktivitetar som på kort og lang sikt utfordrar desse verksemdene sine rammevilkår.   

Nokre andre moment:

  • Havbruksnæringa er av dei næringane som har potensiale for betydeleg vekst. Det er difor særs viktig at ein i planarbeidet samarbeider med næringa for å sikre konkrete lokaliseringar, infrastruktur og rammevilkår som sikrar rom for slik vekst
  • Volda har framleis potensiale til å ta ein større del i den internasjonale dugnaden for produksjon av rein energi. Det er viktig at ein i planprosessen har god dialog med energinæringa slik at arealdelen konkret synleggjer rammer og lokaliseringar som gjev rom for å ta eit enda større ansvar på dette området. Ein bør og i planarbeidet t.d. vurdere om Volda har potensiale for plassering av anlegg for vindkraft

Volda Næringsforum som ressurs i det vidare planarbeidet

VNF ser føre seg å verte nytta som ein ressurs i det vidare planarbeidet, og vi vil då meir utfyllande kunne gje innspel både på punkta over og andre tilhøve som kan verte aktualisert etter kvart.

Vi legg og til grunn at MBV vert nytta som tilsvarande ressurs i det vidare planarbeidet når det gjeld sentrum og tettstadsperspektivet.

 

På vegner av VNF

Med vennleg helsing

Stefan N. Halck - sign - 

Dagleg leiar, Volda Næringsforum