Volda Næringsforum deltek i det pågåande kommuneplanarbeidet. Dette er eit viktig arbeid, som legg mange og viktige føringar for vidare utvikling for mellom anna næringslivet i Volda kommune.
Informasjonsside hos Volda kommune (kommuneplan)
Innspel til samfunnsdelen
Volda Næringsforum vil delta på møte i den sokalla tenketanken torsdag 24. september 2015, og både styreleiar og dagleg leiar vil vere tilstades for å vere aktive i diskusjonen om samfunnsdelen av kommuneplanen.
Tema for kvelden er
- Attraktivitet (folk, næring, trivsel)
- Volda i regionen
- Volda sentrum
- Folkehelse
Særskilt når det gjeld dei tre første punkta vil vi på vegne av næringslivet i Volda kome med innspel til kva vi ser på som dei viktige momenta å ha med.
Føreseielege rammer avgjerande
Vi veit at næringslivet er opptekne av føreseielege rammer. Dette for å kunne vite at ein har tryggleik for investeringane ein gjer i arbeidskraft og installasjonar/anlegg, mv. Volda Næringsforum vil fronte dette og andre viktige syn på møtet i tenketanken.
Dei sakene vi for øvrig jobbar med om dagen, vil og verte nemnd i denne samanhangen:
- Volda sjukehus (oppretthalde og vidareutvikle tilbodet ved sjukehuset i Volda - viktig for heile regionen)
- Volda sentrum (mellom anna har vi særskilt fokus på å utvikle Volda til den føretrekte handels- og opplevingsdestinasjonen i regionen)
- Høgskulen i Volda (korleis kan vi som næringsliv lokalt og i regionen bidra til vinn-vinn-situasjonar i høve til Høgskulen og den rolla den speler i regionen?)
- Tingretten i Volda (korleis behalde og vidareutvikle denne viktige institusjonen, som mellom anna tek i vare sivilsamfunnet sitt behov for rettslig tryggleik?)
Har de spørsmål eller kommentarar til oss? Ta kontakt eller bruk Facebook-sida vår