Frå venstre mot høgre: Roar Vikene (Adcom Søre Sunnmøre), Kay Ove Johansen (Norwegian Offshore Group), Frank Vatne (Tussa 24), Ante Lundberg (Firegrader), Stefan N. Halck (dagleg leiar, Volda Næringsforum), Audun K. Høidal (Gustav Käser Training International)
Nettverk- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum består i dag av 5 representantar frå Volda Næringsforum sine medlemmar, i tillegg fungerar dagleg leiar som sekretær for gruppa.
Gruppa skal arbeide med å lage gode møteplasser med godt innhald for medlemmane i Volda Næringsforum.
Fast frukostmøte kvar tredje torsdag i månaden
Dette inneber mellom anna ein fast møteplass der hovudfokus ligg på sosialt samvær og nettverks- og relasjonbygging. I tillegg vil vi invitere inn samarbeidspartnarar eller andre bidragsytarar etter høve.
Ein har og blitt samd om å ha firmapresentasjoner, der 2 medlemsbedrifter får 5-6 minutter kvar til å presentere si bedrift eller eit spennande prosjekt/produkt, mv. dei jobbar med. Vi kan og få plass til eit anna kort innlegg frå ein samarbeidspartnar eller anna aktør.
Gruppa ynskjer å sette opp ein møteplan for ein periode av gangen, slik at medlemmane kan vite kva som skjer til kva tid.
Temamøte med relevant fagleg innhald
Gruppa ynskjer og å leggje til rette for møteplassar der fagleg relevant innhald står i fokus. Det kan være innanfor tema som arealplanlegging, handel, industri, infrastruktur, offentlege anskaffingar og mykje anna.
Her ynskjer gruppa innspel frå medlemmane til kva tema ein er oppteken av, eller om medlemmar som har god kompetanse innan eit felt ynskjer å arrangere eit seminar (morgon/dag/kveld). Då kan dagleg leiar i Volda Næringsforum leggje til rette for dette, syte for å sende ut invitasjonar, mv. Medan den eller dei bedriftene som arrangerer syt for enkel servering, lokale, utforming av invitasjon og eit relevant fagleg innhald.
Kurs og kompetanseheving
Gruppa ser òg at det kan vere relevant å leggje til rette for meir omfattande kurstilbod eller anna kompetansehevande tiltak som tek for seg tema som er relevant for heile eller delar av medlemsmassa. Dette vil då utarbeidast individuelle tilbod for dette, som spreiast til medlemmane.
Her ynskjer vi og innspel frå de som er medlem i Volda Næringsforum.
Sosiale treff er òg viktige
Nettverk- og kompetansegruppa ynskjer å arrangere 2 til 3 sosiale treff per år. Der ein godt òg kan ha ein eller to presentasjonar og/eller ein hovudforedragshaldar (ekstern eller anna).
Då kan ein sjå føre seg at delar av arrangementet er ope for fleire enn berre medlemmane, men at den sosiale delen er ekslusiv for medlemmane.