Starte opp med eller vidareutvikle industriretta produksjon i Volda? Søk industrifondet i Volda Næringsforum om midlar

Går du med ein idé om å starte industriretta produksjon? Eller har di bedrift ynskje om å vidareutvikle allerede eksisterande produksjon med nye spennande produkt?

Då kan du søkje Volda Næringsforum om støtte. 

Volda Næringsforum deler dei neste fem åra ut inntil NOK 20.000,- i året i oppstartsstøtte til ulike verksemder som ynskjer å starte opp eller vidareutvikle seg innan industri eller industriretta produksjon.

Kven kan søkje?

Verksemder som held til eller ynskjer å starte opp verksemd i Volda kommune, og som skal starte opp med eller vidareutvikle seg innan industriretta produksjon

Kva meiner vi med "industriretta produksjon"?

Verksemder som kan få støtte er dei som skal ta til med eller held på med industriell produksjon, der føremålet er å utvikle eller produsere nye fysiske produkt i eit industrielt omfang. 

Kva skal søknaden innehAlde?

Søknaden skal innehalde forretningsidé (med budsjett), der ein beskriv ideén/konseptet så godt som mogleg.

KOR MYKJE KAN EIN FÅ?

Einskilde verksemder kan få inntil NOK 20.000,- i støtte.

KORLEIS SØKJER EG?

Send oss ein e-post med forretningsidé (med budsjett) lagt ved, til post@voldaforum.no.

SØKNADSFRIST?

Søknadsfristen er innan 15. november kvart år.

Korleis behandlast søknadene?

Styret i Volda Næringsforum behandlar søknadene etter utløp av søknadsfristen. Då vil styret gå gjennom og vurdere dei søknadene som er komne inn, og vurdere kvar enkelt grundig etter om dei støttar krava til industriretta produksjon, e.l.

Dersom det er grunnlag for å velje ein eller fleire mottakarar av fondsmidlar, vil dei aktuelle verksemdene bli kontakta for å motta tildeling. Og midlane blir utbetalt etter nærmare avtale med mottakar(ane).

Kvifor støttar vi dette?

Volda har lang tradisjon for industriproduksjon. Mellom anna Brunvoll Volda har utvikla seg frå ein sped start som Volda Mek. til å bli ein stor industribedrift.

Volda Næringsforum og næringslivet ynskjer å stimulere til at det også i framtida skal gå føre seg industriproduksjon i Volda.

Når Volda Industrilag i 2015 etter mange år bestemte seg for å gå inn under Volda Næringsforum, og avvikla laget, ble det av styret i Volda Industrilag bestemt fylgjande: Dei midlane som sto igjen i laget skulle gå til å opprette eit industrifond, som skal delast ut av styret i Volda Næringsforum (etter motteken søknad) til verksemder som ynskjer å starte opp eller vidareutvikle seg innan industriretta produksjon i Volda.