Nettverk for Samferdsel, Sunnmøre
v/ Gode vegar AS
Tinggata 3, 6783 Stryn
sveinsunde@godevegar.no
Ope brev til:
Samferdselsminister Knut Arild Hareide, Dept. Oslo
Kopi: Distriktsminister Linda Hofstad Helleland
Sunnmøre, 04. mars 2020
Protest mot nedlegging av flyruter på Ørsta/Volda lufthavn Hovden
Viser til sak om stans i enkeltruter til og frå Ørsta/Volda lufthavn Hovden, samt kontakt i saka frå ordførarar på søre Sunnmøre og frå Flyplassforum Hovden.
Det er med stor uro vi ser at rutetilbodet t/r Oslo vert svekka enno ein gang, og vi ber difor om at ministeren ser på denne saka med største alvor.
Distrikta får lide
Vi opplever no nok ein gang at myndigheitene stikk kjeppar i hjula for å drive skolar, sjukehus, næringsliv og alt anna liv i distrikta.
Fergetakstane vert auka med 30-70 %, skoletilbud i den videregåande skolen vert lagt ned og no; flyruter vert lagt ned. Den aktuelle direkteruta frå Oslo til Ørsta/Volda lufthavn Hovden kl 09.10, med retur til Oslo kl 09.25, er særs viktig for alle på Søre Sunnmøre; skole, sjukehus, næringsliv, turistar og folk flest.
Avgiftsnivå og kommersiell drift
Avgiftsnivået er no så høgt at sjølv ruter med godt belegg ikkje klarer å drive kommersielt, noko som seier oss at uansett konkurranse vil denne strekninga ikkje kunne drivast med lønsemd i dag. Dette trass opptil 70% belegg på ruta.
Sidan 2012 har myndigheitene innført og gradvis auka CO2 avgift, startavgift/ passasjeravgift og auke i moms frå 8 til 12 %. På kommersielle ruter har Widerøe blitt pålagd ein avgiftsauke på dei kommersielle rutene med ca 73% sidan 2012. Heile 36% av inntektene til Widerøe går til å dekke avgifter. Widerøe seier sjølve at avgiftsnivået er årsaka til at dei må ta grep og legge ned ruter på blant anna Hovden.
Viktig verdiskaping i fare
Næringslivet på Sunnmøre er under sterkt press, og den maritime næringa er midt inne i kostbar og krevande omstilling. Det vert jobba for fullt med nye konsept og kundesegment, og er vi er avhengige av eit stabilt samferdsletilbod til og frå Sunnmøre.
Ministeren sin respons:
Som svar på skriftleg spørsmål (frå Bjørdal/ AP) i saka kom denne utsegna frå minister Hareide:
«Det vil likevel framleis vere mogleg å gjennomføre dagsturar til og frå Ørsta/Volda med det planlagde rutetilbodet.» Svar av 24.02.2020, jfr. Dokument nr. 15:996 (2019-2020).
Det er korrekt som ministeren svarer; at ein KAN komme seg til Oslo og heim på ein dag, men vi ser på denne kommentaren som ei noko lettbeint tilnærming til saka.
Flytider og konkrete utfordringar
Det går eit fly 06.25 med bra belegg, men med bortfall av flyruta 09.25, vil morgonflyet bli overfylt. Det omtalte flyet som landar kl 09.10 er det første som kjem frå Oslo. Med bortfall av dette flyet blir det nærast umogleg å kome seg frå Oslo til Hovden og tilbake på ein dag. Mange av dei som reiser inn til regionen som fagpersonell til skole og sjukehus, kundar til nær ingslivet eller offentlege representantar nyttar nettopp dette flyet.
Eit døme: 4. mai 2020 er første direktefly frå Gardermoen til Hovden 15:50. Reisetid 1 t 10 min. Formiddagsflyet er delt med Sogndal, og går først til Sogndal, ankomst Hovden 10:25. Reisetid 1 t. 50 min
Desse delte rutene gir reduksjon i kapasitet som frå før av er svært begrensa.
Følg opp Granavoldplattformen
I regjeringa sin eigen plattform heiter det om luftfart:
«Luftfarten er ein sentral del av det norske transportnettet, og regjeringa vil sikre at Norge har ein god og framtidsretta infrastruktur for luftfart. Han er spesielt viktig for store delar av distrikta og er ein føresetnad for verdiskaping i heile landet. Regjeringa vil føre ein konkurranseorientert luftfartspolitikk som bidreg til å utvikle ei konkurransedyktig norsk luftfartsnæring.»
Dette er god samferdslepolitikk sett frå oss i distrikta. For regjeringa er det berre å følge opp sin eigen uttalte politikk.
Sjå på dette på nytt
Vi oppfordrar ministeren til å sjå på denne saka på nytt for å bidra til å oppretthalde eit viktig rutetilbod, anten ved reduksjon i avgifter på kommersielle ruter, eller ved at ein vurderer å sikre dette tilbodet ved statleg kjøp av tenester i form av FOT-rute.
Ei avgiftsauke på 70% sidan denne regjeringa kom i posisjon er ikkje akseptabelt.
Følgande bedrifter/næringar på Sunnmøre støttar dette brevet:
Rederi: Havila, Olympic, Frøy Vest, Remøy Management, Remøy Shipping, Bourbon, Rem Offshore.
Verft: Kleven, Ulstein, Havyard Verft, Myklebust Verft, Larsnes Mek. Verksted.
Utstyrsbedrifter: Entec, Hareid Elektriske, Stadt, Brunvoll, Marin Teknikk, Ulmatec
Øvrige: Sparebanken1, Søre Sunnmøre.
Mvh
Svein Sunde /s/ Johann Roppen /s/ Sjukehuset i Volda /s/
Gode vegar Høgskulen i Volda Palma Hånes
Jan Thormodsæter /s/ Arnfinn Ingjerd /s/ Tor Inge Nygård /s/
MAFOSS Maritim Forum Nordvest Vanylven utvikling
Henrik Vedde /s/ Merethe Hjertø Flusund /s/ Bente Lund Jacobsen /s/
Haram Næringsforum Havlandet (Herøy) Næringsforeningen Ålesundsregionen
Oddbjørn Indregård /s/ Idar Flø /s/ Odd Magne Vinjevoll /s/
Sande kommune Hareid Næringslag Ørsta Næringskontor
Mette Ryste /s/ Daniel Garden /s/
Volda Næringsforum Ulstein Næringsforum