Volda Næringsforum og Volda kommune ønsker velkomen til reiselivsmøte tysdag 3. mars klokka 19.00-21.00.
Volda kommune er i dag knytt til destinasjonselskapa Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS) og Visit Nordfjord.
Koplinga til DÅS er gjennom prosjektet Hjørundfjorden og i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og Ørsta kommune.
Medlemskapet i Visit Nordfjord er vidareført med bakgrunn i tidlegare Hornindal kommune sin avtale.
I løpet av 2020 må Volda kommune gjere val med omsyn til si reiselivssatsing, og samspel med lokalt reiseliv vil vere viktig for dei retningsvala ein legg til grunn.
Volda kommune ønsker å legge til rette for reiselivet og utvikle næringa i samspel med lokale, regionale og nasjonale aktørar.
Ved å vere tydelege og føreseielege vil dette kunne gi gode rammer for å utvikle attraktivt, lokalt reiseliv.
Kommunen ønsker å bidra til kvalitativt gode reiselivsprodukt som gir oss fleire besøk og fleire arbeidsplassar.
Program
1900 : Ordførar ønsker velkommen
1905 : Presentasjon Visit Nordfjord, spørsmål?
1935 : Presentasjon DÅS, spørsmål?
2005 : Pause
2020 : Presentasjon sluttrapport Smia Utvikling
2050 : Avslutning og spørsmål
Gjerne delta på vår Facebook-hending, så får du ei påminning i forkant av møtet!
Møtedetaljar
Møtestad: samfunnshuset i Volda
Møtetid: tysdag 3. mars, klokka 19.00-21.00
Arrangørar: Volda Næringsforum og Volda kommune
Illustrasjonsfoto med utsikt frå Dinglavatnet i Volda kommune.Shutterstock/Pixabay