Styret i Volda Næringsforum har ei tid vore i prosess med å omstrukturere drifta. Dette har vore nødvendig for å få budsjettet i balanse, og legge til rette for ei berekraftig vidare drift. Det er ulike grunnar til at Volda Næringsforum har kome i denne situasjonen.
Det har frå styret si side vore jobba intensivt med omlegginga i andre halvår 2018 og fram til dags dato. Dessverre har dette også vore medverkande til at vi ikkje har funne rom til alle dei aktivitetane vi hadde planar om ved inngangen til dette driftsåret.
Etter grundige vurderingar har styret kome fram til at noverande 100% stilling som dagleg leiar vert endra til ei redusert stilling.
Stefan N. Halck, som frå starten har vore med som dagleg leiar, held ikkje fram i Volda Næringsforum, og vil her gjerne sende ei helsing til medlemmer og samarbeidspartnarar;
«Eg har lært utruleg mykje desse åra, og har hatt den store gleda av å arbeide saman med mange kjekke menneske. Eg er stolt over å ha vore med på å gjere næringslivet i Volda meir bevisste på si viktige rolle, og på å skape dei relevante møteplassane Volda Næringsforum legg til rette for. No ynskjer eg å søkje nye utfordringar, og gler meg til å ta fatt på det. Eg er samstundes viss på at Volda Næringsforum vil halde fram som ein viktig aktør i og for medlemmane, samarbeidspartnarar og Volda-samfunnet elles.»
Styret takkar med dette Stefan for laget og arbeidet han har lagt ned for Volda Næringsforum, og ønsker han lykke til på vegen vidare.
Vi vurderer også framtidig lokalisering. Kontoret i Storgata 8 er for tida stengt, og vi har pr. dato ikkje operativ ny adresse og fysisk kontaktpunkt. Telefonnummeret er som før, 953 00 397, og ein får inntil vidare svar frå Roar Vikene som «sekretær» og styremedlem. E-post-adresse som skal nyttast heretter er post@voldaforum.no. Her vil også styret sørge for at de får svar.
Vi vil bruke tida framover til å finne den optimale driftsform for Volda Næringsforum, og vi vil forsikre medlemmer og samarbeidspartnarar om at styret jobbar målretta med dette.
Volda, 19. januar 2019
Med helsing frå styret i Volda Næringsforum
Hallvard Bjørneset
Styreleiar