I årsmøte i Volda Handelsforening vart det enstemmig vedteke at foreninga skal smeltast saman med Volda Næringsforum
Det var etter lang tids samarbeid og dialog at styra i Volda Handelsforening og Volda Næringsforum kom til enighet om ein modell for samanslåinga.
Det som tidlegare har vore eit samarbeid regulert gjennom ei samarbeidsavtale, takast no eit steg vidare gjennom å slå saman Volda Handelsforening med Volda Næringsforum. Sistnemnde blir då organisasjonen ein knytter dette saman under.
Det beste frå begge organisasjonane
"Ein ynskjer å behalde det beste frå Volda Handelsforening, og ta dette med inn i Volda Næringsforum", seier styreleiar i Volda Handelsforening Torill Hasfjord Bjørneset. Volda.com, annonseavtale og fellesaktivitetar som Volda Handelsforening har hatt mykje fokus på, er noke av det ein ynskjer å vidareutvikle under Volda Næringsforum. Det sittande styret i Volda Handelsforening blei i årsmøtet valt som interimstyre fram til samanslåinga er ferdig. Dei vil ha fokus på å halde oppe det gode arbeidet som har vore gjort, samtidig som dei vil bidra aktivt til samanslåinga.
"Saman kan vi få ein mykje meir slagkraftig organisasjon, som kan arbeide for å lyfte Volda og Volda-samfunnet til å bli den føretrukne handels- og opplevingsdestinasjonen i regionen", seier styreleiar i Volda Næringsforum, Karl Erik Rønnestad i samband med årsmøtet i Volda Handelsforening. Styret i Volda Næringsforum, og dagleg leiar Stefan N. Halck, vil saman med styret i Volda Handelsforening jobbe med prosessen fram mot årsmøte i Volda Næringsforum 2016. Då vil ein presentere det endelege resultatet og vise vegen vidare for Volda som destinasjon.
Volda som handels- og opplevingsdestinasjon
Målsettinga for prosessen er eit betre tilbod til handlande og andre som ynskjer å nytte Volda til handel og oppleving. Dette inneber og ei utvikling av verdien for medlemmane i Volda Næringsforum. Heilt konkret vil ein mellom anna arbeide for å vidareutvikle Volda.com som felles portal for å byggje Volda som destinasjon.
"Ein har og større mål som ein ynskjer å realisere i samarbeid: Ved å lyfte blikket og tenkje på Volda som ein destinasjon kan vi få til samarbeid med sentrale aktørar i Volda som Høgskulen i Volda, Volda kommune, reiselivsnæringa og mange andre som ynskjer å bidra til å utvikle Volda", seier dagleg leiar i Volda Næringsforum Stefan N. Halck.
For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Stefan N. Halck