Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte januar

  • Volda samfunnshus Storgata 14 6100 Volda Norway (kart)

Velkomen nytt frukostmøte!

Volda Næringsforum og Volda Læringssenter inviterer til årets fyrste frukostmøte. Eit uformelt møtepunkt med hyggeleg mat og prat, før vi denne gongen får informasjon frå læringssenteret og NAV.

  • Torsdag 30. januar

  • 08.15 - 10.00 + omvisning etterpå

  • Samfunnshuset, den nye festsalen

Volda læringssenter arbeider med integrering og kvalifisering av flyktningar i Volda. Ein møter menneske på flukt som er i ein vanskeleg livssituasjon. Samtidig har dei med seg kompetanse, ressursar, arbeidslyst og nye perspektiv på korleis ein kan løyse arbeidsoppgåver. Volda læringssenter ønsker å vere ein partner for næringslivet i Volda i rekrutteringa av arbeidskraft og vil presentere kva læringssenteret kan bidra med, og vise nokre gode lokale døme på kva som er mogleg å få til ved godt samarbeid. Læringssenteret jobbar også tett saman med NAV, som vil presentere ordningar som næringslivet kan nytte seg av ved arbeidsrekruttering av flyktningar.

Etter frukostmøte kl 10 vil alle som har høve kunne få omvisning i det snart opningsklare samfunnshuset. Her kan du bli ein av dei fyste i Volda som får prøvesitte i vår fantastiske nye kinosal! 😀🎥🎞️

Volda Næringsforum sponsar dagens frukost som er levert av Holmen Mat & Drikke. Husk å melde deg på slik at vi veit kor mange som kjem! 🤩

Påmeldingsfrist : tysdag 28. januar kl. 12

Send e-post til post@voldaforum.no for å melde deg på. Inviter gjerne med kollegaer!😀

Vel møtt!
Volda Næringsforum og Volda Læringssenter


Senere arrangement: 27. februar
Frukost-treff februar