Tilbake til alle arrangementer

Frukost-treff februar

  • Westre konditori Hamnegata 25 6100 Volda Norway (kart)

Velkomen nytt frukost-treff!

Volda Næringsforum og Norsk Innovasjonssenter inviterer til årets andre frukostmøte. Eit uformelt møtepunkt med hyggeleg mat og prat, før vi denne gongen får informasjon frå Oclin og Tveit Kommunikasjon.

  • Torsdag 27. februar

  • 08.15 - 09.45

  • Westre konditori

  • Pris : 130,- (kortbetaling i kassa)

Vi får besøk av to medlemsbedrifter; Oclin - ei vidkjend produksjonsverksemd frå Volda, og den kunnskapsrike digitalbudeia Sofie Tveit frå nyoppstarta Tveit Kommunikasjon. Målet er å gjere dykk godt rusta på den digitale fronten for året som kjem, og å bli betre kjende med desse to lokale, digitale ekspertane som kan hjelpe dykk direkte om behov.
Det vert òg litt informasjon frå oss arrangørane, og sjølvsagt tid til mingling og frukost.

Påmeldingsfrist : tysdag 25. februar kl. 12

Send e-post til post@voldaforum.no for å melde deg på. Inviter gjerne med kollegaer!😀
Du kan også melde deg på i skjema HER.

Vel møtt!
Volda Næringsforum og Norsk Innovasjonssenter


Tidligere arrangement: 30. januar
Frukostmøte januar
Senere arrangement: 19. mars
Årsmøte