Vi utviklar Volda!

 

Volda Næringsforum utviklar offentleg og privat næringsliv i heile Volda og i Volda-området. Gjennom rådgiving, møteplassar og påverknadskraft hjelper vi medlemsbedriftene våre til å vokse og utvikle seg.

Volda Næringsforum er ein aktiv katalysator for å skape samarbeid og vinn-vinn-situasjonar for og mellom medlemmane våre. For å kunne oppnå dette målet, har vi samarbeidspartnarar både lokalt og regionalt.

Volda Næringsforum er ein kunnskapsorganisasjon. Med innsikt i og god kjennskap til dei lokale tilhøva og strukturane som er viktige for næringslivet, hjelper vi medlemsbedriftene våre i riktig retning. 

Volda Næringsforum har integritet. Vi sikrar at medlemmane blir høyrt i viktige saker.  Vi er opptatt av samfunnsansvar og eit berekraftig Volda-samfunn - no og i framtida.

 
 
I ein hektisk kvardag har vi alle nok med vårt og vårt eige. Utanfor våre eigne veggar, treng vi kompetente ressursar som jobbar for fellesskapen og gode rammevilkår.
— Hege Karete Hamre, Furene AS

Kva kan vi gjere for deg?

 

Møteplassar

Vi er eit inkluderande fellesskap der medlemsbedriftene finn og bruker kvarandre gjennom utveksling av erfaringar, idear og produkt. Vi skaper gode føresetnader for medlemmane våre gjennom å legge til rette for gode møteplassar, dialog og relasjonsbygging.

  • Frukostmøte for medlemmane - eit høve til å byggje nettverk og knytte nye relasjonar
  • Frukost- og lunsjseminar - møteplassen der du får fagleg relevant påfyll eller blir presentert for kva dei andre medlemsbedriftene driv på med
  • Kunnskap i Vekst (årleg møteplass i samarbeid med ei rekkje andre aktørar i Volda)

Les meir om kva møteplassar vi har

Rådgjeving

Vi er eit bindeledd mellom medlemmar, samarbeidspartnarar og andre viktige aktørar i og rundt Volda. Dette gir oss ein unik kunnskap om kva som rører seg lokalt og i regionen.

Vi kjenner Volda!

Denne innsikta nyttar vi for å skape verdi for våre medlemmar og samarbeidspartnarar.

 

 

Etablere eller utvikle deg i Volda?

Vil du utvikle bedrifta di, eller etablere noko nytt i Volda? Du kan rådføre deg med Volda Næringsforum om det er noke du lurer på. Vi har også tilgang til nettverk der du kan søkje om støtte frå Innovasjon Noreg og andre støtteordningar.

Vi kjenner også godt til dei lokale tilhøva i Volda. 

  • Vi har oversikt over, eller har kontakt med, grunneigarar i samband med behov for kontor- eller andre lokalitetar
  • Interessert i å samhandle eller samarbeide med andre aktørar i Volda?

Vi ynskjer å hjelpe deg med dette og mykje meir 

Ta kontakt med oss for ein prat

Påverkingskraft

Vi talar di sak i viktige og relevante debattar. Vi har tilgang til forum der vi kan påverke utviklinga til det beste for våre medlemmar - og for di bedrift. Vi er eit legitimt bindeledd mellom medlemmar og relevante aktørar i Volda og i regionen.

Vi jobbar tett med medlemmane gjennom Arbeidsutvalet (AU) og styret i Volda Næringsforum. I tillegg har vi ei næringspolitisk gruppe som ser på overordna utviklingsliner og -trekk.

Volda Næringsforum er mellom anna deltakar i følgande fora:

  • StudiebygdA-partnarskapen (Volda kommune, Høgskulen i Volda, Volda vgs, Studentsamskipnaden for Volda, Sunnmøre Kulturnæringshage, Studenttinget i Volda (STiV), Frivilligsentralen i Volda)
  • Planmøte i Volda kommune (tverrsektorielt forum for drøfting av plan- og byggesaker, mv.)
  • Næringsforeningane på Søre Sunnmøre si felles møteplass (og del av nasjonalt nettverk for næringsforeningar)
  • Ferge- og hurtigbåtforum (Sunnmøre)

Korleis når vi måla våre?

 
 

 Identifisere. Vi skal gjennom målretta aktivitet ut mot medlemmane og samarbeidspartnarane våre, samt systematisk informasjonsarbeid, identifisere dei relevante og viktige arbeids- og saksområda vi skal jobbe med

 

 Prioritere. Deretter skal vi gjennom god dialog med medlemmane våre og gjennom bruk av informasjon gjere val og prioritere dei viktige og mest relevante sakene. 

 
 

Gjennomføre: Når vi har valt, skal vi ha fokus på gjennomføring av de valte oppgåvene, slik at vi framstår som eit aktivt og handlekraftig forum. Vi skal også snakke høgt om dei gode tinga vi gjer.

 

Evaluere: For å sikre kontinuerleg vekst og utvikling, er det viktig at vi heile tida har fokus på å gjere ting betre. Korleis kan vi gjere noko betre neste gang? Korleis kan vi gjennom dei tiltaka vi set i gang, gi merverdi til medlemmene våre? 


Medlemssamansetjing

 

 

Serviceavgift

For at vi saman skal utvikle Volda, treng vi ei sterk og tydeleg stemme. Gjennom serviceavgifta til Volda Næringsforum syt du for at den stemma er der når du treng ho.

 

Tal på tilsette            Serviceavgift per år (månad i parentes)*   (NOK, eksl. mva) 

0 – 1 **                            1 250 (105)

2 – 4                               2 700 (225)

5 – 10                             4 000 (334)

11 – 30                            6 000 (500)

31 – 50                           9 000 (750)

51 – 75                          15 000 (1 250)

75 – 100                        20 000 (1 667)

101 – 250                      26 500 (2 209)

251 – 500                     39 500 (3 292)

 

* Serviceavgift fakturerast årleg
** gjeld og enkeltpersonføretak og andre verksemder utan tilsette

 

Styret

Volda Næringsforum har eit styre sett saman av representantar frå eit breitt lag av medlemmane. Vi er stolte av styret vårt, og saman sikrar vi at stemma di blir hørt og at vi prioriterer dei sakene du er opptatt av. 

Ordførar og rådmann i Volda Kommune er assosierte medlemmar i styret, men har ikkje røysterett. Hallvard Bjørneset er styreleiar i Volda Næringsforum, medan John Abraham Nymark er nestleiar. 

 

 
 
hallvard_bjorneset.jpg

Hallvard Bjørneset (SpareBank 1 Søre Sunnmøre)
Styreleiar
hallvard.bjorneset@sparebanken.no
Telefon: 982 87 866

 

Øvrige styremedlemmar (2016/2017):

  • John Abraham Nymark (nestleiar, Interoptikk Nymark)
  • Frank Vatne (Tussa 24)
  • Jan Heltne (Kraft Laks)
  • Eiliv P. Halkjelsvik (Volda Turisthotell AS)
  • Anita Kragset (Kragset Eigedomsmekling)
  • Mette Ryste (Sparebanken Møre)
  • Karl Erik Rønnestad (Cubus Volda)
  • Kirsti Gjørvad (Scana Volda)
 
 

Vedtekter

Volda Næringsforum sine vedtekter er tilgjengeleg for alle. Dei kan lastast ned under.