Volda har eit intimt og koselig sentrum, med "Volda sitt fjell", Rotsethornet i bakgrunnen.

Volda har eit intimt og koselig sentrum, med "Volda sitt fjell", Rotsethornet i bakgrunnen.

Velkomen til handel i Volda!

I Volda finn du mange gode handelstilbod. Heilt frå Sivert Aarflotplassen og inn til kafeen Geiranger Bakeri på Spinneriet finn du ei rekkje spisestadar der ein kan kvile ut og treffe kjentfolk. På Westre Bakeri blir alt som skjer i Volda ivrig debattert. Her er forskjellige bord: Klokebordet, dame og herrebord. Så det er berre å sette seg på rette plassen. Velkomen til gode opplevingar og triveleg handel i Volda.

VNF Handel femnar om aktive bedrifter innan handel og service. Volda sentrum sin unike kombinasjon av moderne forretningsbygg og koselege trehus i smale gater kring hamna gir eit spesielt og triveleg miljø for handel. I Volda vil du finne eit breitt spekter av forretningar – frå den meir urbane og moderne kjedebutikk til den særeigne og lokale spesialforretninga.

Du finn spesialitetar som Mekko keramikk med sine ”syngedamer” og Sunkost som sel lokalproduserte grønnsaker og økologisk mjøl. Mjølet blir malt på loftet over butikken på gamlemåten

Halkjelsgate i Volda sentrum har lang historie som handelsgate. Her frå historisk arrangement med studentar frå Høgskulen i Volda.

Halkjelsgate i Volda sentrum har lang historie som handelsgate. Her frå historisk arrangement med studentar frå Høgskulen i Volda.

Dei siste åra har Volda sin gamle handlegate ”Gatå”/Halkjelsgata fått nytt liv. I Halkjelsgata finn du optikar, kleforretninga More Woman, gullsmed, frisørar, helsekost, ”innvandrarbutikk” med eksotiske matvarer og fleire andre nisjebutikkar.

Kjøpesenteret Spinneriet med sine butikkar ligg i sentrum av Volda, og der ligg både Vinmonopol og apotek sammen med ei rekkje andre butikkar. Spinneriet ligg vegg i vegg med Studenthuset i Volda: Rokken er den urbane kafeen på Studenthuset, og Geiranger Bakeri er stedet for ferske bakevarer og gode samtaler.

Det Grøne Treet kafèen ved Cubus-bygget er ein institusjon i Volda. Ein herleg uteplass gjer ”Tredet” til ein ynda plass ein solskinnsdag. 

Volda er frå gammalt av ei kulturbygd. Midt i Volda tronar Volda Kyrkje ferdigstilt i 1932. Teikna av Arnstein Arneberg og med utsmykning av bla. Hugo Louis Mohr er kyrkja ei fantastisk oppleving lett tilgjengelig midt i Volda sentrum. Her kan du oppleve den fantastiske akustikken kvar laurdag kl. 12 i ”12-konserten” før du fortsetter med dine laurdagssysler.

Hamna i sentrum er ein viktig del av Volda si sjel.

Hamna i sentrum er ein viktig del av Volda si sjel.

Hamna er noko som gjer Volda unikt. Her kan du frå tid til anna kjøpe fersk fisk og ferske reker til riktig så hyggelege prisar. Ein god samtale om vær, vind og fiskeforhold høyrer med. Er du ein av dei faste kundane, ringer gjerne fiskaren deg opp når han har fått din favorittfisk. Berre det å vandre rundt hamna og suge inn sjølukta gir ro inn sinnet.

Butikkane i Volda satsar på å vere gode på sørvis. Selgarane i butikkane har lang erfaring og veit mykje om dei varene dei tilbyr. Det er difor trygt og enkelt å handle i Volda.