Mellom Bygningane i Volda har ein klar og enkel visjon. Denne går som ein raud tråd frå fortid, til notid og inn i framtida.  

“StudiebygdA Volda – ein møteplass for å dele og lære av kvarandre”

Volda har i mange generasjonar vore ein møteplass der deling av kunnskap, og det å lære og bli lært har vore i sentrum. Volda sentrum fekk tidleg ei annleis tettstadsutvikling enn mange av dei andre bygdene i vår region. Her var tidleg eit borgarskap, her var militærkaptein. På Egset låg tidleg folkebibliotek og kyrkja i Volda fungerte som eit samlingspunkt for folk langt utafor bygda. I Volda var det allerede får 1809/1810 moglegheit for alle å få trykt sine "skillingsviser" på Aarflot prenteverk eller lese lokalavisa Møre (Noregs eldste lokalavis, fortsatt eigd og driven av same familie).

I 1861 blei Volda studiebygd, med "Volda høiere Almueskole med annecteret dannelsesanstalt for Almueskolelærere" - som seinare skulle bli lærarhøgskulen og i moderne tid Høgskulen i Volda.

Denne historia har satt sitt tydelege preg på Volda, og har vore sentral i utviklinga av Volda sentrum. Gjennom arbeidet med Mellom Bygningane i Volda har vi sett at det å møtest for å dele og lære av kvarandre i aller høgste grad gjeld for dagens Volda - og vi ynskjer å utvikle Volda slik at dette også vil gjelde i framtida.