Fanesaker

Vi er ønskjer å arbeide med dei sakene som er viktige for medlemmene våre. Nokre saker er små og tar ikkje så mykje tid og ressursar. Andre oppgåver er større, og krev målretta innsats over tid. Våre fanesaker er dei sakene som medlemmene ønskjer større fokus på, og som vi gjennom dialog har valt å prioritere. Desse finn du under.

 
 

Mellom Bygningane i Volda

 Vi ønskjer å utvikle Volda sentrum til eit attraktivt sentrum med godt definerte uterom som skal gi rom for møteplassar, opplevingar og stimulere til opphald og aktivitet. Dette gjer at Volda sentrum vert meir attraktivt for voldingar, studentar, potensielle tilflyttarar, næringsdrivande og besøkande frå regionen. Dette gjer vi mellom anna gjennom å vere prosjektleiar for sentrumsprosjektet Mellom bygningane i Volda.

Les meir og følg oss på Mellom Bygningane i Volda si Facebook-side

Last ned Utviklingsplan for Volda sentrum (lenke til side hos Volda kommune der utviklingsplanen kan lastast ned).

Utviklingsprosjekt i Volda

 Vi ynskjer å være ein aktiv medspelar for dei ulike aktørane i Volda, og inn mot viktige utviklingsprosjekt. 

Volda Næringsforum er eller har vore aktive i, eller gjer innspel til, mellom anna følgande prosjekt og prosessar:

regionalt-næringsprosjekt-samarbeid-illustrason.jpg

Regionalt og nasjonalt samarbeid, næringsforeINIngAr og –lag

Volda Næringsforum er ein aktiv medspelar og tar sikte på å løfte fram dei viktige sakene for næringslivet og regionen. Gjennom aktiv deltaking i regionale nettverk og arbeidsgrupper saman med næringsforeiningar og –lag på Sunnmøre, kan vi påverke i relevante og viktige saker for medlemmene i Volda Næringsforum.

  • Volda Næringsforum er mellom anna med i eit regionalt ferge- og hurtigbåtforum med ei rekkje andre næringsforeningar og bransjeorganisasjonar. Vi kjem med innspel og uttaler i dei sakene som berører heile regionen
  • Som NHO-medlem har vi òg dialog med NHO Møre og Romsdal, og søkjer å skape vinn-vinn-situasjonar på lokalt og regionalt nivå
  • Volda Næringsforum er også representert på eit nasjonalt forum for næringsforeninger

Kunnskap i vekst

Samarbeidsprosjekt med Høgskulen i Volda, STiV (Studenttinget i Volda), Sunnmøre Kulturnæringshage og SpareBank 1 Søre Sunnmøreom å skipe ein attraktiv og relevant møteplass mellom lokalt og regionalt næringsliv og studentar/tilsette ved Høgskulen i Volda.

Les meir på Kunnskap i Vekst