Det er mange parkeringsplassar i Volda sentrum. Felles for alle parkeringsplassane er at dei er gratis og ligg i kort gåavstand til butikkane og alle servicetilbod. Du har sjølvsagt parkering i gatene ved den enkelte butikk, men i tillegg finn du store parkeringsplassar fleire plassar i sentrum. 

Alle dei større parkeringsplassane ligg i sentrum med gåavstand til det meste innanfor 5 minutt. Vi garanterer at du alltid vil finne parkering i Volda!  For å gjere det enkelt for deg har vi markert dei største parkeringareala i sentrum på kartet under. 

Parkeringsplass finn du mellom anna ved torget, på oppsida av Kyrkja, ved rådhuset, ved Coop Mega og Mylneriet, ved Busshaldeplassen/Taxi og på oppsida av busshaldeplassen. Spinneriet kjøpesenter har mange parkeringsplassar rundt bygget og i parkeringskjellaren.

Sum offentlege og private parkeringsplasser i Volda sentrum er meir enn 1050 (2014).

På kartet under har vi markert parkeringsareal i Volda sentrum: