Volda Næringsforum får pengar til Destinasjon Volda

 (Foto: Volda Næringsforum)

(Foto: Volda Næringsforum)

Volda kommunestyre vedtok 16. juni 2016 følgande:

  1. Volda kommunestyre godkjenner at avsette midlar for 2016, kr. 253.000,- til reiselivsutvikling vert overført Volda Næringsforum. Midlane skal øyremerkast til bruk i prosjektet og utviklingsarbeidet “Destinasjon Volda”, og vert organisert av Volda Næringsforum.
    Midlane skal inn til vidare nyttast med særleg utgangspunkt i utvikling av reiselivet i heile kommunen. Ein føreset difor at det vert styrt av ei prosjektgruppe som vert oppretta og slik samansett: 2 representantar frå Volda Næringsforum, 2 frå Volda Reiselivslag og 2 frå Volda kommune.

  2. Kommunestyret ber om rapportering i årsrapport og ein prosjektrapport innan 1.juli 2017 i samsvar rådmannen sin konklusjon i denne saka.

  3. Kommunestyret vil vurdere effekten av måloppnåing og resultat opp mot kor vidt det skal løyvast midlar vidare. Dette vil kommunestyret kome attende til i samband med budsjettet for 2018.

 På vegne av styret i Volda Næringsforum vil vi takke Volda kommune for tilliten, og ser fram til å ta fatt på utviklingsarbeidet av Volda som handels- og opplevingsdestinasjon.