Merknad og innspel til Skiltplan del av Volda sentrum - Utlegging til offentleg ettersyn

Volda Næringsforum har i dag sendt følgjande merknad / innspel til Volda Kommune :


FRAMLEGG TIL SKILTPLAN FOR DEL AV SENTRUM - OFFENTLEG ETTERSYN

MERKNAD / INNSPEL

Vi har tidlegare gjeve konkret oppsummert innspel til saka ved vårt brev av 6.12.2018.

I Forvaltningsutvalet sitt vedtak av 29.1.2019 går det fram at saka særskilt tek utgangspunkt i innspel frå Volda Næringsforum (VNF), i denne saka i praksis frå næringsaktørane i sentrum.

Vi er difor uroa over at Volda kommune ikkje synest å ta omsyn til vesentlege moment vi etter ein grundig prosess gjer greie for i vårt brev av 6.12.2018.

Vi kjem her med merknad til det konkrete planframlegget, og innspel vil vidare prosess knytt til skiltplan for resten av sentrumskjernen.

Merknad til planframlegget:

Planframlegget syner på ein god måte retninga på korleis ein på ein må løyse dei trafikkale utfordringane i sentrumskjernen generelt og planområdet spesielt. Vi oppfattar intensjponen bak framlegget slik:

  1. Det vert lagt opp til fartsgrense 30 km/t i heile planområdet med unntak av E39. Avviket frå konsekvent og nødvendig løysing ser ut til å vere at det er skissert 50 km/t i heile eller del av Hamnegata.

  2. Parkering med maks p-tid 2 timar i heile området med unntak av særskilt skilta plassar.

  3. Oppmjuking av køyremønster ved fjerning av innkøyringsforbod og einvegskøyringar

Dette er særs positive tiltak som er i samsvar med dei prinsippa som vi også meiner må leggast til grunn i resten av sentrumskjernen.

Av omsyn til at Volda sentrum må framstå inviterande og oversiktleg, vil vi likevel sterkt tilrå at punkta 1. og 2. over vert etablert ved soneskilting (30 km/t) ved innkøyring til planområdet. Dette vil i vesentleg grad dempe inntrykket av sentrum som ein skiltjungel, og mjuke opp opplevinga av sentrum. Døme på velfungerande tettstadar som byggjer på dette er Sogndal.

I skiltframlegget har det nokre plassar oppstått utfordringar i høve fartsgrense som følge av manglande innplassert skilt 362.30 (30 km/t), t.d. ved utkøyring frå Stormyra og Seljebakken til Storgata. Også dette vil løyse seg på ein god måte ved å etablere soneskilting.

Når det no vart slik at kommunen valde å ikkje ta omsyn til heilt vesentlege moment i vårt innspel av 6.12.18, vil vi likevel peike på at det er nødvendig at planframlegget vert slutthandsama og iverksett no. Prosess for resten av sentrumskjernen kjem vi inn på i punktet under.

Innspel til vidare arbeid:

Vi ser at administrasjonen i saksutgreiinga peikar på at «det er behov for vidare arbeid med trafikkskiltplan for heile Volda sentrum.»

Vi gjev vår fulle tilslutning til denne vurderinga, og vil legge til at dette behovet er særs prekært. Vi syner utfyllande til vårt brev av 6.12.2018.

Vi vil avslutningsvis igjen sterkt understreke at noverande skilting og trafikkal situasjon i sentrumskjernen i vesentleg grad påverkar sentrumskjernen negativt. Vi vil difor gjerne medverke konkret for å påskynde vidare skiltplanprosess for resten av sentrum.

Vi vil difor gjerne ha dialog med Rådmannen om det vidare arbeidet i forkant av administrativ og politisk handsaming av planen, og denne merknaden tek utgangspunkt i at vi får dette til.

Vennleg helsing
Volda Næringsforum

Velkomen til hyggeleg julehandel i Volda sentrum !

julegate.jpg

Tusen takk til alle som har vore med som sponsor, slik at vi også i år har eit flott julepynta sentrum i Volda :) : 
Sparebanken Møre - SpareBank 1 Søre Sunnmøre - Gillen As - Brunvoll AS
Birger Løken Eigedomsselskap - Nordea - Per Mulvik AS
Cubus Kragset Eigedomsmekling - Møre Konfeksjon - Interoptik Nymark - Nettstrikk - Sunkost - Ajour Rekneskap - Bona Eigedom – Lido

Janus - Berg-Hansen - Møretrygd Adcom Intersport Brændes Rørleggerforretning Naustet Grill – Volda Glasmagasin -Optikk Volda

Velkomen til hyggeleg julehandel i Volda sentrum !

Marknadsgruppa er no aktiv!

I samband med samanslåinga av Volda Handelsforening og Volda Næringsforum vedtok styra i dei to foreningane ein ny organisering i form av konkrete fokusgrupper. Disse skulle leggast inn under Volda Næringsforum si eksisterande organisasjon.

Tanken bak disse gruppene kom mellom anna frå Volda Handelsforening sitt Arena-prosjekt, der følgande tre grupper var skissert (med stikkord om dei ulike gruppene si rolle):

  • Marknad og profil (årshjul, marknadsføring, felles profilering, koordinering av og samarbeid om aktivitetar, mv.)
  • Nettverk og kompetanse (møteplassar, dialogmøte, kurs, fagleg påfyll, mv.)
  • Organisasjon og Virke (næringspolitisk arbeid i samband med høyringar, planprosessar, innspel til utvikling, mv.)

Den næringspolitiske gruppa skal ha sitt første møte hausten 2016, medan marknadsgruppa alt er godt i gang.

Marknadsgruppa sitt fokus

Denne hausten vil fokus vere på korleis vi kan få til gode handelsfremmande aktivitetar i samarbeid med andre aktørar, samt på meir generelle tema som åpningstider, julegate, mv.

Vi er allerede i dialog med fleire samarbeidspartar om aktivitetar i samband med førjulshandel i Volda, og har stor tru på at vi kan få til eit godt opplegg for dette - ein vinn-vinn-situasjon der handel og oppleving står i fokus.

Vi ynskjer fleire gode idear og innspel

Dei som so langt har sagt seg villige til å bidra i marknadsgruppa er Karsten Olsen (Skolsen), Wenche Aas (Cubus), Dan Helge Bjørneset (Spinneriet), Linda Sefland (G-Sport) og John Abraham Nymark (Interoptikk Nymark). Vi ynskjer velkomne fleire aktørar i gruppa, slik at vi kan sikre enda bedre forankring ut mot medlemmane - og fleire gode marknadsaktivitetar gjennom heile året.

Saman med gruppa og i samarbeid med andre aktørar i Volda-samfunnet trur eg vi kan få til ei god utvikling for handels- og opplevingstaden Volda i tida framover!

 

Volda Næringsforum får pengar til Destinasjon Volda

(Foto: Volda Næringsforum)

(Foto: Volda Næringsforum)

Volda kommunestyre vedtok 16. juni 2016 følgande:

  1. Volda kommunestyre godkjenner at avsette midlar for 2016, kr. 253.000,- til reiselivsutvikling vert overført Volda Næringsforum. Midlane skal øyremerkast til bruk i prosjektet og utviklingsarbeidet “Destinasjon Volda”, og vert organisert av Volda Næringsforum.
    Midlane skal inn til vidare nyttast med særleg utgangspunkt i utvikling av reiselivet i heile kommunen. Ein føreset difor at det vert styrt av ei prosjektgruppe som vert oppretta og slik samansett: 2 representantar frå Volda Næringsforum, 2 frå Volda Reiselivslag og 2 frå Volda kommune.

  2. Kommunestyret ber om rapportering i årsrapport og ein prosjektrapport innan 1.juli 2017 i samsvar rådmannen sin konklusjon i denne saka.

  3. Kommunestyret vil vurdere effekten av måloppnåing og resultat opp mot kor vidt det skal løyvast midlar vidare. Dette vil kommunestyret kome attende til i samband med budsjettet for 2018.

 På vegne av styret i Volda Næringsforum vil vi takke Volda kommune for tilliten, og ser fram til å ta fatt på utviklingsarbeidet av Volda som handels- og opplevingsdestinasjon.