Volda Næringsforum er eit inkluderande fellesskap der medlemsbedriftene finn og bruker kvarandre gjennom utveksling av erfaringar, idear og produkt. Vi er derfor stolte over å vise fram medlemmane våre. 

 

Volda Næringsforum har to typer medlemskap:

  • Ordinært medlemskap
  • VNF Handel (tilleggspakke til ordinært medlemskap)

Som medlem i Volda Næringsforum får du tilgang til ei rekkje fordelar.

Du kan lese meir om desse under "Om oss" (sjå òg våre fanesaker for kva vi er spesielt opptekne av).

VNF Handel er gruppa for dei som driv med eller er interessert i handel og ei god utvikling for Volda som handels- og opplevingsstad. Medlemmane i VNF Handel betalar eit tillegg for å vere med i gruppa, men får mange fordelar av eit slikt medlemskap.

Er du interessert i å bli medlem?

Nytt knappen "bli medlem" (oppe til høgre) eller ta kontakt med dagleg leiar Stefan, så kan vi ta ein prat om kva for fordelar medlemskap i Volda Næringsforum gir deg.

For Nordplan er det heilt naturleg å være medlem hos Volda Næringsforum. Vi deler same interessar og speler kvarandre gode. I gjennom samarbeidet har vi blitt ein meir synleg bedrift i lokalsamfunnet.
Vi gleder oss til å delta på framtidlige møteplassar som frukostseminar og det vidare samarbeidet med Volda Næringsforum.
— Arne Steinsvik, dagleg leiar, Nordplan AS

Medlemssamansetjing

 


Medlemsføretak

For meir informasjon om Volda Næringsforum og prisar, sjå Om oss (prisane finn du nederst på sida).