Under følgjer ein kortfatta historikk for Mellom Bygningane i Volda (MBV), med dei viktigaste milepålane for utviklingsprosessen:

  • Forprosjekt til sentrumsprosjektet hausten 2013 (møte med grunneigarar og drivarar i sentrum, der vi fekk viktige innspel søknad og prosjektmandat)
  • Partnarskapsavtale mellom Volda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Volda Næringsforum vedteken januar 2014
  • Visjonen "StudiebygdA Volda - ein møteplass for å dele og lære av kvarandre" takast i bruk
  • Første Her & No-prosjekt skipa 2014 - med opning av Smetten 24. mai, som eit samarbeid mellom Volda hagelag, Styrk-arbeid, grunneigarar og Mellom Bygningane i Volda
  • "Mellom bygningane i Volda" si profilhandbok og logo tas i bruk hausten 2014 (logoen kan du se over)
  • Gehl og PwC sett saman med Volda-samfunnet i gang arbeidet med Utviklingsplan for Volda sentrum, hausten 2014
  • "Vi møtast, deler og lærer av kvarandre". Våren 2015 styrkast samarbeidet mellom Volda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Volda Næringsforum (revisjon av partnarskapsavtalen)
  • Utviklingsplan for Volda sentrum er ferdig, sommaren 2015
  • Hausten 2015 sett vi i gang med det første permanente tiltaket i Mellom Bygningane i Volda: Bygging av leikeplassen ved rådhuset i Volda. Basert på innspel frå Volda-samfunnet, og med utgangspunkt i utviklingsplanen
ATT79723 1.jpg

 

  • I mai 2016 står leikeplassen ved rådhuset ferdig - til stor glede både for stor og liten
  • Mai 2016 vedtakast neste steg i MBV - områda knytt til hamna i Volda si sentrumskjerne og til Elvadalen skal opprustast
  • Hausten 2016 startar arbeidet med å detaljplanlegge Hamnekvartalet- og Elvadalen-prosjekta, saman med Volda-samfunnet og Nordplan
  • Vinteren 2017 gjer vi ferdig detaljane for å skape ein attraktiv møteplass ved "Gamletorget" i Volda sentrum (i Halkjelsgate, ved Haugenbok)

For meir informasjon om Mellom Bygningane i Volda, ta kontakt med prosjektleiar Stefan N. Halck (Volda Næringsforum, 953 00 397 / stefan@voldaforum.no)