Mellom bygningane i Volda er namnet vi har gitt til arbeidet med å skape eit sentrum med mange og gode møteplassar for heile Volda-samfunnet. Der samspel, læring og utveksling av idéar, erfaringar og kunnskap er i fokus. Eit sentrum som formidlar kunnskap om mangfaldet Volda har å by på, og om studiebygda sin historie og særpreg. Dette kombinert med ein fysisk utforming av våre felles uterom der høg estetisk og funksjonell kvalitet skapar eit levande, livleg og attraktivt sentrum.

Volda sentrum har mange gode kvalitetar som gir eit godt utgangspunkt for utvikling. Gjennom Mellom bygningane i Volda vil vi utvikle sentrum til å verte endå meir attraktivt for handlande, besøkjande og dei som driv næring. Dei som bur i Volda skal oppleve eit sentrum der det er endå meir triveleg å bu og opphalde seg. Mellom Bygningane i Volda er eit samarbeid mellom Volda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og lokalt næringsliv representert ved Volda Næringsforum.

Det er lagt vekt på å få fram eit tydeleg bilete på kva som er Volda sine særpreg. Sentrale element i vår identitet skal takast vare på, samtidig som vi opnar for utvikling og framtidsretta løysingar. Planen peikar konkret på områder i Volda sentrum som skal ha spesiell merksemd. Planmessig disponering av tilgjengeleg areal vil vere sentralt. I komande år kan gjennomgangstrafikken i større grad verte flytta ut av sentrum. Det vert då sentralt å utvikle eit sentrum som tek i vare ulike omsyn og brukargrupper. 

Vi ynskjer eit levande sentrum og vil legge til rette for møteplassar. Skal ein lukkast med dette må ulike møteplassar definerast og gjevast kvalitetar som trekker folk til seg. Realisering av planane vil gå over mange år og vere avhengig av felles innsats.

Ei planmessig og berekraftig utvikling vil vere gode verktøy på vegen mot rikare mål og ei positiv framtid for Volda sentrum.