Back to All Events

NÆRINGSUTVIKLING - Ope medlemsmøte

  • Volda Turisthotell (map)

Er du oppteken av næringsutvikling? Då er VNF sitt underutval Næringspolitisk gruppe staden for deg. Gruppa arbeider med å utvikle rammevilkåra for næringslivet i Volda, særleg i høve vår partner Volda kommune og andre gjevarar av rammevilkår. 

Gruppa sine møter er opne for alle medlemmar i VNF, og det er lagt opp slik at du som medlem kan møte når det er skissert tema du er oppteken av, eller om du for eigen del har tema du sjølv ynskjer å løfte fram.

Som ein del av "restarten" av VNF inviterer vi til ope møte onsdag 15. mai kl. 18:00 på Volda Turisthotell. Hotellet har ein liten spesialmeny med spesialprisar tilgjengeleg.

Tema for dagen er m.a. :

  • Kommuneplanen sin arealdel, v/ planleggar Heidi Istad i Volda kommune 

  • Samfunnsutvikling, kommunal tilrettelegging og medverknad, v/ kommunalsjef Jarl Marin Møller i Volda kommune

  • Skiltplan, interne ressursar orienterer

  • Sentrumsutvikling, interne ressursar orienterer

  • andre saker som vert tekne opp i møtet 

Vi oppmodar sterkt alle medlemar som ynskjer å delta i næringspolitisk utvikling om å ta turen. Meld dykk helst på ved å sende epost til post@voldaforum.no.
Velkomne skal de vere! 

Vennleg helsing 

Næringspolitisk gruppe