Back to All Events

Frukostmøte: Kva gjer Volda Næringsforum vidare i 2018?

  • Geiranger Bakeri, avd. Volda 12 Industrigata Volda, Møre og Romsdal, 6100 Norway (map)
Skjermbilde 2018-06-14 kl. 09.56.32.png

Vi inviterer deg til frukostmøte på Geiranger Bakeri 21. juni.

Styreleiar Hallvard Bjørneset vil på vegner av styret saman med Stefan gå gjennom den nye strategi- og handlingsplanen for 2018. Denne er basert på vedtektsendringa frå årsmøtet i april, og gir ein god retning for arbeidet til Volda Næringsforum. Disse sakene er noko styret og undergruppene har brukt mykje tid på sidan årsmøtet.

Volda Næringsforum kan òg vere stolte av å ha mange aktive medlemmar, både i styret og i undergruppene i forumet. Disse er for tida:

  • Nettverk- og kompetansegruppa
  • Næringspolitisk gruppe
  • Profil- og marknadsgruppa

Undergruppene har kome med innspel til handlingsplan for 2018, og vi tek opp dei viktigaste punkta dei har spelt inn.

Budsjett for 2018 vil òg verte gjennomgått.

FRUKOSTBUFFÉ
Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffé for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 99,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 19. juni 2018, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

OM FRUKOSTMØTA I VOLDA NÆRINGSFORUM

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).