Back to All Events

Frukostmøte: Magnar Åms opera "Kimen" og framtidas kassaløysingar

  • Geiranger Bakeri avd. Volda 12 Industrigata Volda, Møre og Romsdal, 6100 Norway (map)
Skjermbilde 2018-03-02 kl. 13.29.06.png

Vi inviterer deg til frukostmøte på Geiranger Bakeri 8. mars.

Magnar Åm og Rita Slotterøy kjem og vil dele nokre tankar om verdspremiera på operaen "Kimen", som vert sett opp i Propellhallen i samband med Dei Nynorske Festspela i byrjinga på juni 2018. Dei ynskjer óg å invitere til samarbeid og vinn-vinn-situasjoner knytt til operaoppsettinga.

Vi er òg så heldige å få besøk av Thomas Østerfeldt frå T-Link Business Solutions. Han vil fortelje om kva moglegheiter som ligg i moderne kassaløysingar, samt om den nye kassaloven som seinast må vere oppfylt innan 1. januar 2019.

FRUKOSTBUFFÉ
Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffé for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 99,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 7. mars 2018, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

OM FRUKOSTMØTA I VOLDA NÆRINGSFORUM

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).