Back to All Events

Frukostmøte: Globalskulen, endring av skiltplan i Volda sentrum, gründerdag, mv.

  • Geiranger Bakeri, avd. Volda 12 Industrigata Volda, Møre og Romsdal, 6100 Norway (map)
IMG_0286.JPG

Nettverk & Kompetansegruppa i Volda Næringsforum inviterer til frukostmøte på Geiranger Bakeri den 25. januar 2018, kl. 08.15 - 09.45.

I tillegg til mingling og god prat rundt frukosten, som ein kjøper med Geiranger Bakeri, vil vi ha følgande tema for frukostmøtet:

- Globalskulen presenterer seg, og kva dei driv på med. Rektor Lilli Røv kjem for å dele nokre tankar med oss

- Skiltplan for Volda sentrum. Stefan har vore i møte med Volda kommune og Volda/Ørsta Lensmannskontor om konkrete føreslag til endringar i skiltplanen for Volda sentrum, og ynskjer å orientere om dette

- Korleis legge til rette for ein god gründerdag? Vi tek gjerne i mot innspel under møtet (eller på anna tidspunkt) om korleis vi best mogleg kan legge til rette for ein gründerdag i Volda. Der fokus vil vere på korleis å stimulere til auka etablering i Volda

FRUKOSTBUFFÉ

Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffet for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 99,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 23. januar 2018, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

OM FRUKOSTMØTA I VOLDA NÆRINGSFORUM

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).