Back to All Events

Frukostmøte - årets Sunkoster og oppsummering av Voldadagen

  • Geiranger Bakeri avd Volda 12 Industrigata Volda, Møre og Romsdal, 6100 Norway (map)
 Bilete: Lokalavisa Møre

Bilete: Lokalavisa Møre

PÅ VEGNER AV NETTVERK- OG KOMPETANSGRUPPA I VOLDA NÆRINGSFORUM INVITERER VI DEG TIL FRUKOSTMØTE 21. SEPTEMBER 2017

Årets Sunkostar Janne Moe

Vi får besøk av Janne Moe, som nyleg blei kåra til årets Sunkoster i konkurranse med 100 andre butikkar i Sunkost-kjeda.

I grunngjevinga frå Sunkost-juryen står det mellom anna: 

Ho er langt over snittet aktiv på marknadsføring som treff den yngre kundegruppa via film og foto. Ho har eit sterkt engasjement og veit kva som gjeld. Ho er ei inspirasjonskjelde for mange i kjeda sine butikkar, og er ein person som alltid seier ja og har eit oppkome av idear.

Janne vil dele nokre tankar om kva ho har gjort for lykkes i å marknadsføre Sunkost Volda.

Oppsummering av Voldadagen

Laurdag 9. september arrangerte Volda Næringsforum ved Nettverk & Kompetansegruppa Voldadagen 2017. Arrangementet, som var ein møteplass for bedrifter, lag og organisasjonar hadde over 60 utstillarar som representerte bredda i Volda-samfunnet.

Dagleg leiar i Volda Næringsforum vil saman med medlemmar frå Nettverk & Kompetansegruppa gi ein oppsummering av Voldadagen. Og saman med dei frammøtte tenke kva ein kan få til i samband med framtidige arrangement - og Voldadagen 2018.

Praten held fram så lenge du ynskjer, fram til 09.45. Då rundar vi av.

Frukostbuffé

Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffet for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 120,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 20. september 2017, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

PS! Neste frukostmøte for medlemmane i Volda Næringsforum blir torsdag 19. oktober 2017.

Om frukostmøta i Volda Næringsforum

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).