Back to All Events

Sosialt treff, VNF Handel

  • Volda turisthotell 17 Skjervavegen Volda, Møre og Romsdal, 6100 Norway (map)

Vi inviterer til sosialt treff for medlemmane i VNF Handel (*).
Det er godt å kunne treffast rundt eit godt måltid og i godt lag.

Det blir eit todelt program.

  • Vi byrjer kvelden i restauranten på Porse, der vi et middag i lag. 
  • Etter middagen går vi inn i bistroen for kake og kaffi.

Der ynskjer vi å dele gode historier med kvarandre!

Vi ynskjer derfor å invitere eit par av medlemsbedriftene i VNF Handel til å seie nokre ord  om suksesser dei har hatt den siste tida.

Er du interessert i å delta - send e-post til stefan@voldaforum.no og meld kor mange de blir innan måndag 27. mars 2017.

Er du interessert i å delta, men ikkje er medlem i VNF Handel? Ta kontakt med dagleg leiar Stefan, så kan vi ta ein prat om kva for fordelar medlemskap i VNF Handel gir deg.

(* VNF Handel er gruppa for dei som driv med eller er interessert i handel og ei god utvikling for Volda som handels- og opplevingsstad. Medlemmane i VNF Handel betalar eit tillegg for å vere med i gruppa, men får mange fordelar av eit slikt medlemskap).