Back to All Events

Frukostmøte i Volda Næringsforum (kvar tredje torsdag i månaden)

  • Geiranger Bakeri (Spinneriet) 12 Industrigata Volda, Møre og Romsdal, 6100 Norway (map)
IMG_0177.JPG

På vegner av Nettverk- og kompetansgruppa i Volda Næringsforum inviterer vi deg til vårt faste frukostmøte 18. mai 2017.

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).

Tema for dagen: 

- Kammermusikkfestivalen ynskjer å kome i dialog med medlemmane om samarbeid. Kort presentasjon ved Åshild Widerøe (festivalkoordinator)

- Did you Geddit? Vi tar en oppdatering på kva som skal skje laurdag 20. mai - og på korleis vi best kan presentere Volda denne dagen

- Ein eller to korte presentasjoner av medlemmar (5-6 minutt) - kjem tilbake til kva for bedrifter som presenterar seg

Praten held fram så lenge du ynskjer, fram til 09.45. Då rundar vi av.

Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffet for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 120,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 16. mai 2017, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

PS! Neste møteplass for medlemmane i Volda Næringsforum blir torsdag 8. juni. Då ynskjer vi å få til ei meir sosial samling på kveldstid, med god mat, drikke og prat.