Back to All Events

Frukostmøte: Ny profil for Volda som handels- og opplevingsdestinasjon

  • Geiranger Bakeri (Spinneriet) Industrigata Volda, Møre og Romsdal, 6100 Norway (map)
IMG_0053.jpg

Årets første frukostmøte i Volda Næringsforum finn stad på Geiranger Bakeri tysdag 24. januar, kl. 08.15 - 09.45.

Marknadsgruppa i Volda Næringsforum (VNF Handel) inviterer til frukostmøte med tema "ny profil for Volda som handels- og opplevingsdestinasjon".

Vi ynskjer å syne medlemmane og andre inviterte eit utkast til ny profil for fellesannonsering og marknadsføring av Volda som handels- og opplevingsdestinasjon. Fokus er på korleis vi saman kan byggje ei tydeleg og god profil som er attraktiv for dei som ynskjer å kome til Volda for god handel og gode opplevingar.

Det vert og arbeid med ei oppdatering av profilen på Volda.com kring same tanke.

Som i tidlegare frukostmøte vil Geiranger Bakeri lage til ei god frukosttallerken som kvar enkelt betalar ved frammøte.

Påmelding til stefan@voldaforum.no innan måndag kl. 12.00

Vel møtt!