Back to All Events

Invitasjon til Mentoropplæring for språkpraksisbedrifter

  • Kaarstadbygget, Høgskulen i Volda (rom 108) 22 Kårstadvegen Volda, Møre og Romsdal, 6100 Norway (map)
 Paul Bø (Inclusion AS) og Gunnar Andenes (Volda Læringssenter) Foto: Møre/Torger Havåg

Paul Bø (Inclusion AS) og Gunnar Andenes (Volda Læringssenter) Foto: Møre/Torger Havåg

Vi ynskjer både mentorar og eventuelle andre frå di verksemd velkommen til samling 4.oktober!

Program for oppstart mentor i språkpraksisbedrifter

Samlinga vert avholdt i Kaarstadbygget, rom 108.

Lunsj vert på kantina på Berte Kanutte.

  • 0800 - 0830  Frukost. Ferske baguettar med variert pålegg, juice, kaffe og te
  • 0830              Åpning: Velkommen og praktisk informasjon
  • 0835 - 0930"Reidun Aambø, Høgskulen i Volda: "Språk og kultur - Tydingar og mistydingar»
  • 0930-0945 Awad Fathallah, Coop Prix Volda,  "Fra flyktning til butikksjef på 3 år - kva er hemmelegheita?»
  • 0945 - 1030Magnar Hjertenæs, Høgskulen i Volda «Vegleiing i et fleirkulturelt miljø" 
  • 1030- 1045  Pause inkl. servering av kaker/wienerbrød og kaffi
  • 1045-1100: Imdi v/ Morten Sonniks
  • 1100 - 1200   Mentorprogrammet "Jobbmentor" v/ Paul Bø og Gunnar Andenes
  • 1200-1300     Lunsj

Påmelding til Gunnar Andenes på gunnar.andenes@gmail.com innan torsdag 29.september. 

Meir info:

Volda og Ørsta kommune buset om lag 70 flyktningar årleg. Desse får norskopplæring gjennom introduksjonsprogrammet ved Volda læringssenter og Ørsta vaksenopplæring. Dett er eit toårig program der målsettinga er å lære seg grunnleggande norsk og grunnleggande kunnskap om norsk samfunnsliv. Kunnskap om norsk arbeidsliv er også eit viktig element. Opplæringa i norskpå skulen er sjølvsagt viktig for at flyktninggruppa skal kunne skaffe seg ei framtid i sitt nye heimland. Men for dei fleste er ikkje opplæring i klasserom tilstrekkeleg for å tileigne seg den kunnskapen som er viktig for eit liv i Noreg.

Vi har i mange år hatt eit godt samarbeid med mange bedrifter og offentlege arbeidsplassar som har tatt i mot språkpraksiselevar. Dette er vi svært glade for. Mange av våre elevar har hatt stort utbytte av språkpraksis. For nokre har det ført til fast jobb i språkpraksisbedrifta, for andre har det ført til eit utvida nettverk og gode referansar.

Tilbakemeldingane frå praksisbedriftene har vore at dette er positivt for bedrifta og dei tek gjerne sin del av dette viktige samfunnsoppdraget. Det har likevel vore ytra behov for meir opplæring av dei personane i bedrifta som har ansvaret for den daglege oppfølginga av språkpraksiskandidaten på arbeidsplassen.

I samarbeid med Høgskulen i Volda og Inclusion AS har Volda læringssenter søkt midlar frå Inkludering- og mangfaldsdirektoratet for å utvikle og tilby ei mentoropplæring til språkpraksisbedriftene.

Målsettinga med mentorordningaer:

·       Trygge mentorane i rolla med å følgje opp språkpraksiskandidaten.

·       Auke språkpraksiskandidatane sitt utbytte av språkpraksisopphaldet ved å skape ei tettare kopling mellom språkopplæringa på arbeidsplassen og på skulen

·       Gi språkpraksiskandidatane ei opplæring i skrivne og uskrivne reglar i norsk arbeidsliv

Vier glade for å kunne tilby første kurs i mentoropplæringa. Vi vonar at dette kurset vil vere nyttig og interessant for tilsette i dykkar verksemd (bedrift).  Mentorane vil vere dei som følgjer opp språkpraksiskandidaten på arbeidsplassen. Mentoropplæringa vil starte med ei samling 4. oktober der vi har vore heldige å få med Reidun Aambø og Magnar Hjertenes frå Høgskulen i Volda. Dei har lang erfaring med å undervise i temaet fleirkulturalitet og leiing ved Høgskulen i Volda. I tillegg vil Morten Sonicks frå Inkludering- og mangfoldsdirektoratet informere om direktoratet sine mål for mentorordninga.  Paul Bø frå Inclusion AS og Gunnar Andenes frå Volda læringssenter vil gå gjennom mentorprogrammet. Mentorane vil bli fulgt opp undervegs i språkpraksisperioden.  Mot slutten av året vert det ei erfaringssamling der vi kan dele erfaringar og lære av kvarandre.