Back to All Events

Jobbmesse for Søre Sunnmøre og Nordfjord (NAV)

  • Ørsta Kulturhus Holmegata 7 Ørsta Norway (map)

På vegne av NAV Ørsta/Volda vidareformidlar eg invitasjon til Jobbmesse for Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Ørsta Kulturhus 30. mars 2016, 12 - 15 (med høve til å rigge stand frå 9 same dagen).

Frå invitasjonen:

"På jobbmessa kan du som arbeidsgjevar profilere bedrifta di, presentere rekrutteringsbehov og snakke direkte med jobbsøkjarar. På jobbmessa møter du både jobbskiftarar, nyutdanna, studentar/lærlingar og andre som for tida er på jakt etter jobb. Bruk denne sjansen til å vise fram bedrifta di og knyte kontakt med potensielle medarbeidarar.

Arrangementet vil bli godt kunngjort gjennom media og arbeidssøkjarar får særskild invitasjon. Jobbmessa er gratis både for utstillarar og besøkande. Bedriftene tek med eige profileringsutstyr til standen. Vi stiller med lokale og internett-tilgang.

Messa er open for arbeidssøkjarane kl. 1200 og til kl. 15.00.

Utstillarane vil ha høve til å riggestanden frå kl. 09.00

Det vert tilgang til bagettar, frukt og kaffi/te for utstillarar frå kl.11.00"

Om du er arbeidsgjevar og har interesse av å være med, ta kontakt med Oddvor F. Hovden, NAV Ørsta/Volda på 482 52 094 / oddvor.hovden@nav.no.