Back to All Events

Frukostseminar med tema "nye reglar for offentlege anskaffingar frå 1. januar 2017"

  • Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz Vikegata 25 (inngang Sjøbrauta) Ørsta (map)

I samarbeid med Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz og Ørsta Næringskontor følger vi no opp vår tidlegare samling knytt til offentlege anskaffingar. Denne gongen er det nye reglar for offentlege anskaffingar som er venta å tre i kraft frå 1. januar 2017 som er i fokus.

Regjeringa kunngjorde den 18. august 2016 regelendringar i anskaffingsforskriftene, som er venta å tre i kraft frå 1. januar 2017. Forskrftene vil då åpne for større fleksibilitet for alle anskaffingar. Til dømes hevast den nasjonale terskelverdi frå kr 500 000 til kr 1,1 million, oppdragsgjevar gis større handlingsrom når det spørjast om dokumentasjon av kvalifikasjonskrav, ein rekkje avvisningspunkt fjernast, og det gis større adgang til å bruke konkurranse med forhandling. Dette vil påverke kvardagen for så vel offentlege oppdragsgjevarar som leverandørar.

Avokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS, i samarbeid med Ørsta Næringskontor og Volda Næringsforum, inviterer til frukostseminar for ei innføring i regelendringane, og ein gjennomgang av kva fordelar og ulemper endringane vil føre med seg for både oppdragsgjevar- og leverandørsida.

Foredragshaldar er advokat/partnar Hallgrim Fagervold. Fagervold arbeider hovudsakeleg med offentlege anskaffingar og kontraktsrett/entreprise, og avslutta våren 2016 en LLM i offentlege anskaffingar og EU-rett ved University of Nottingham.