Back to All Events

Lunsjseminar - gode råd knytt til arbeidslivet

  • Ivar Aasen-tunet Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Norway (map)

Invitasjon til leiarar, mellomleiarar, HR og HMS-personell og andre aktuelle i di bedrift 

I samarbeid med Volda Næringsforum og Ørsta Næringskontor arrangerer Medi 3 lunsjseminar som vil gi deg ei blanding av aktuell forsking, relevant informasjon og gode råd knytta til arbeidslivet. 

Tid: Onsdag 16. november
Stad: Ivar Aasen-tunet
Kl.: 1200 - 1530

Gratis å delta, og lunsj er inkludert. Sjå fullt program lenger ned.


Program

Kl 12:00 Lunsj

Kl 12:45 Ørsta Næringskontor, Volda Næringsforum og Medi 3 v/Avdelingsleiar Helse Karen Longva Buset ynskjer velkomen

Kl.13:00 Innleiing av arbeidsmedisiner Håvard Hanch-Hansen og marknaddssjef Karianne Vadseth 

”Korleis få gevinst av helsefremjande arbeid og førebyggande tiltak i di bedrift?”

- HMS-Rådgivar og fysioterapeut Jan Knutsen’ 

Store delar av livet vert levd på arbeidsplassen. Arbeid er i seg sjølv ein helsebringande faktor. Fordi arbeidsplas- sen er ein viktig arena for ”helsearbeid”, er det vesentleg at både arbeidsgivarar og arbeidstakerar
er klar over kva konkrete forhold som bør vere ivaretatt for at vi skal utvikle og bevare vår helse. 

Gevinstane ligg ikkje berre i betre helse for den enkelte, men også betre økonomi for bedrifta. Helsefremjande arbeidsplassar skaper også større engasjement hjå dei tilsette, og gjer verksemda robust for påkjenning og omstilling. Kva gjer di bedrift bra, og kva kan de gjere betre? 

13.45 Pause/påfyll av kaffe

14.00 "Slik blir du kvitt energitjuvane”
- Kognitiv terapeut Alfhild Ødegård 

Kva tappar deg for energi? Sit du og dine kollegaer fast i gamle tankemønster og slit med å endre adferd? 

Kognitiv terapeut Alfhild Ødegård gir deg ei frisk opprydding både i haudet og i omgjevnadane. Her får du gode råd på korleis du kan handtere energitjuvane og korleis du kan endre tankemønster og adferd. Det handlar om å få alle til å jobbe mot samme mål, eit betre arbeidsmiljø og betre sluttresultat. Foredragshaldar er Alfhild A. Ødegård frå Medi3. Ho er klinisk spesialist/kognitiv terapeut og har lang erfaring som spesialsjukepleiar i spesialisthelsetenesten. 

14.45 ”Skap energi og motivasjon i bedrifta med fysisk aktivitet” - Fysioterapeut Guro Hydle Kvalsvik

Fysisk aktivitet som verktøy for auka energi, motivasjon, betre felleskap og lavare sjukefråvær. 

Forsking syner at friske og motiverte medarbeidarar er ein nøkkelfaktor i gode og effektive bedrifter. For den enkelte vil ein helsefremjande arbeidsplass bety betra livskvalitet gjennom auka jobbtilfredsheit og færre job- brelaterte helseplager - Nokre snakkar om friskfaktorar og langtidsfriske medarbeidarar, medan andre snakkar om jobbengasjement, trivsel og arbeidsglede. Fysioterapeut Guro Hydle Kvalsvik vil i dette foredraget snakke om korleis fokus på fysisk aktivitet kan bidra. 

15.30 Avslutning