Back to All Events

Frukostmøte - handel og aktivitetar haust/jul 2016

  • Rokken Café 12 Industrigata Volda, Møre og Romsdal, 6100 Norway (map)

Profil- og marknadsgruppa i Volda Næringsforum ynskjer i samarbeid med VTI fotball og dagleg leiar i Volda Næringsforum å invitere til frokostmøte med tema "handel og aktivitetar haust/jul 2016".

Vi møtes og et frukost i lag, før vi tek ein kort presentasjon av det profil- og marknadsgruppa har jobba med so langt.

Følgande tema vil vere i fokus:

  • Farsdag
  • Black Friday
  • Julehandel- og aktiviteter (åpningstider, julegate, julegrantenning, mv.)
  • Andre aktiviteter i haust og i samband med jul

Samarbeid med VTI fotball om Eat, Move, Sleep førjulscup 9. - 11. desember 2016

Solveig Storeide frå VTI fotball kjem, og vil fortelje om Eat, Move, Sleep-førjulscupen dei vil arrangere i samarbeid med mellom anna Møre og Volda Næringsforum.

I samband med Eat, Move, Sleep-førjulscup vil det vere mange spennande moglegheiter innan handel og andre bransjer. Og ein flott moglegheit for å sette Volda på kartet som handels- og opplevingsstad.

Praktisk informasjon

Stad: Rokken Café
Dato: Onsdag 26. oktober
Tid: 08.15 - 09.45

Kvar enkelt kjøper frukost, som inkluderar ein frukosttallerken med drikke (juice/te/kaffe/vann). Denne koster NOK 129,- per kuvert, som betalast direkte til Rokken Café.

Påmelding til stefan@voldaforum.no / 953 00 397 innan tirsdag kl. 13.00.

Vel møtt!