Back to All Events

Frukostseminar: Offentlege anskaffingar og samarbeid

  • Ivar Aasen-tunet, Storesalen 176 Indrehovdevegen Hovdebygda, Møre og Romsdal, 6160 Norway (map)

Volda Næringsforum inviterer i samarbeid med Øverbø Gjørtz og Ørsta Næringskontor til frukostseminar om offentlege anskaffingar

I den seinare tida har det vore eit fokus i lokale medier knytt til offentlege anskaffingar. Fleire lokale bedrifter har gått ut og ynskjer fokus på det dei meiner er eit system som er til fordel for dei store, nasjonale aktørane. Og der dei mindre bedriftene i regionen ikkje stetter krava til anbodslevering.

Det offentlege, på si side, er pålagde å følgje reglane når det gjeld offentlege anskaffingar og innkjøp.

Med bakgrunn i dette inviterer vi til frukostseminar med tema "Offentlege anskaffingar og samarbeid".

  • Øverbø Gjørtz stiller med kompetanse innan feltet, og gir oss ei innføring i korleis ein gjennom kjennskap til reglane og samarbeid kan konkurrere om anboda frå det offentlege
  • Furene AS, ved dagleg leiar Hege Karete Hamre, fortel om Furene AS sin erfaring med anbudsprosessar og samarbeid.
  • Ose Ingeniørkontor AS, ved dagleg leiar Jonas Reitan, vil dele nokre tankar om kvifor dei valde å gå ut i lokalpressa og sette fokus på temaet anbud.

Seminaret vil vere gratis for påmelde, og det blir servert frukost med kaffe/te.

Påmelding til stefan@voldaforum.no innan fredag 13. november 2015.


Later Event: March 14
Workshop - arbeidsrett