Jun
21
8:15 AM08:15

Frukostmøte: Kva gjer Volda Næringsforum vidare i 2018?

Skjermbilde 2018-06-14 kl. 09.56.32.png

Vi inviterer deg til frukostmøte på Geiranger Bakeri 21. juni.

Styreleiar Hallvard Bjørneset vil på vegner av styret saman med Stefan gå gjennom den nye strategi- og handlingsplanen for 2018. Denne er basert på vedtektsendringa frå årsmøtet i april, og gir ein god retning for arbeidet til Volda Næringsforum. Disse sakene er noko styret og undergruppene har brukt mykje tid på sidan årsmøtet.

Volda Næringsforum kan òg vere stolte av å ha mange aktive medlemmar, både i styret og i undergruppene i forumet. Disse er for tida:

  • Nettverk- og kompetansegruppa
  • Næringspolitisk gruppe
  • Profil- og marknadsgruppa

Undergruppene har kome med innspel til handlingsplan for 2018, og vi tek opp dei viktigaste punkta dei har spelt inn.

Budsjett for 2018 vil òg verte gjennomgått.

FRUKOSTBUFFÉ
Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffé for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 99,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 19. juni 2018, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

OM FRUKOSTMØTA I VOLDA NÆRINGSFORUM

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).

View Event →
Apr
11
7:00 PM19:00

Årsmøte, Volda Næringsforum

På vegne av styret i Volda Næringsforum kallas det inn til årsmøte for 2017 for medlemmane i Volda Næringsforum.

Dato: Onsdag 11. april 2018
Tid: kl 19.00 – 21.15
Stad: Volda Turisthotell, Volda

Program:

  • 19.00 – 20.00: Årsmøte, Volda Næringsforum
  • 20.00 – 20.30: Mingling og enkel servering
  • 20.30 – 21.15: Presentasjonar: 
    • Volda Campus Arena: Korleis lykkast med utviklingsprosjekt i Volda? V/Johnny Kragset
    • Korleis utløyse det store potensialet som ligg i Volda? V/Arild Meisterplass

Årsmøtesaker:

  1. Valg av ordstyrar og referent
  2. Godkjenning av innkalling og fullmakter
  3. Årsmelding for 2017
  4. Årsrekneskap 2017 og budsjett 2018
  5. Endring av vedtekter for Volda Næringsforum
  6. Val
  7. Fastsetjing av serviceavgift
  8. Innspel til styret og dagleg leiar frå medlemmane
  9. Ymse

Det blir enkel matservering med mineralvatn.

Av omsyn til serveringa og planlegging av møte, ver vennleg meld frå til Stefan (stefan@voldaforum.no/ 953 00 397) om du kjem. Ver og vennleg å melde frå om matallergiar, mv.

Frist for påmelding: Fredag 6. april 2018 til stefan@voldaforum.no

NB! Dei som ikkje har moglegheit til å kome, ver vennleg send fullmakt (slik at styreleiar kan stemme på dine vegne). Fullmaktsskjema ligg ved denne innkallinga. Dette kan sendast til dagleg leiar på post@voldaforum.nonår det er fylt ut.

Volda, den 22. mars 2018

For styret

Stefan N. Halck, sekr.

View Event →
Mar
8
8:15 AM08:15

Frukostmøte: Magnar Åms opera "Kimen" og framtidas kassaløysingar

Skjermbilde 2018-03-02 kl. 13.29.06.png

Vi inviterer deg til frukostmøte på Geiranger Bakeri 8. mars.

Magnar Åm og Rita Slotterøy kjem og vil dele nokre tankar om verdspremiera på operaen "Kimen", som vert sett opp i Propellhallen i samband med Dei Nynorske Festspela i byrjinga på juni 2018. Dei ynskjer óg å invitere til samarbeid og vinn-vinn-situasjoner knytt til operaoppsettinga.

Vi er òg så heldige å få besøk av Thomas Østerfeldt frå T-Link Business Solutions. Han vil fortelje om kva moglegheiter som ligg i moderne kassaløysingar, samt om den nye kassaloven som seinast må vere oppfylt innan 1. januar 2019.

FRUKOSTBUFFÉ
Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffé for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 99,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 7. mars 2018, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

OM FRUKOSTMØTA I VOLDA NÆRINGSFORUM

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).

View Event →
Jan
25
8:15 AM08:15

Frukostmøte: Globalskulen, endring av skiltplan i Volda sentrum, gründerdag, mv.

IMG_0286.JPG

Nettverk & Kompetansegruppa i Volda Næringsforum inviterer til frukostmøte på Geiranger Bakeri den 25. januar 2018, kl. 08.15 - 09.45.

I tillegg til mingling og god prat rundt frukosten, som ein kjøper med Geiranger Bakeri, vil vi ha følgande tema for frukostmøtet:

- Globalskulen presenterer seg, og kva dei driv på med. Rektor Lilli Røv kjem for å dele nokre tankar med oss

- Skiltplan for Volda sentrum. Stefan har vore i møte med Volda kommune og Volda/Ørsta Lensmannskontor om konkrete føreslag til endringar i skiltplanen for Volda sentrum, og ynskjer å orientere om dette

- Korleis legge til rette for ein god gründerdag? Vi tek gjerne i mot innspel under møtet (eller på anna tidspunkt) om korleis vi best mogleg kan legge til rette for ein gründerdag i Volda. Der fokus vil vere på korleis å stimulere til auka etablering i Volda

FRUKOSTBUFFÉ

Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffet for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 99,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 23. januar 2018, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

OM FRUKOSTMØTA I VOLDA NÆRINGSFORUM

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).

View Event →
Dec
14
8:15 AM08:15

Førjulsfrukost: Korleis stimulere til at fleire startar verksemder i Volda?

DSC01804.JPG

Nettverk & Kompetansegruppa i Volda Næringsforum inviterer til førjulsfrukost på Geiranger Bakeri den 14. desember 2017, kl. 08.15 - 09.45.

Vi ynskjer å ta opp eit særs aktuelt tema som Volda Næringsforum er opptekne av:

Korleis stimulere til at fleire startar verksemd i Volda?

Vi har òg invitert

  • Bjørnar Vartdal frå Sparebanken Møre
  • Sigrun Vartdal frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre 

slik at vi kan få nokre tankar frå dei knytt til dette tema.

  • Martin Foldal frå Sunnmøre Kulturnæringshage kjem ògså, då han sitt på mykje kompetanse og erfaring knytt til 1. linetenesta Hoppid.no og nettverk inn mot Innovasjon Noreg, mv.

Det blir servert frukost med juletema, som kvar deltakar kjøper frå Geiranger Bakeri.

Fint om du kan melde deg på til stefan@voldaforum.no innan 12. desember.

Vel møtt!

 

View Event →
Sep
21
8:15 AM08:15

Frukostmøte - årets Sunkoster og oppsummering av Voldadagen

 Bilete: Lokalavisa Møre

Bilete: Lokalavisa Møre

PÅ VEGNER AV NETTVERK- OG KOMPETANSGRUPPA I VOLDA NÆRINGSFORUM INVITERER VI DEG TIL FRUKOSTMØTE 21. SEPTEMBER 2017

Årets Sunkostar Janne Moe

Vi får besøk av Janne Moe, som nyleg blei kåra til årets Sunkoster i konkurranse med 100 andre butikkar i Sunkost-kjeda.

I grunngjevinga frå Sunkost-juryen står det mellom anna: 

Ho er langt over snittet aktiv på marknadsføring som treff den yngre kundegruppa via film og foto. Ho har eit sterkt engasjement og veit kva som gjeld. Ho er ei inspirasjonskjelde for mange i kjeda sine butikkar, og er ein person som alltid seier ja og har eit oppkome av idear.

Janne vil dele nokre tankar om kva ho har gjort for lykkes i å marknadsføre Sunkost Volda.

Oppsummering av Voldadagen

Laurdag 9. september arrangerte Volda Næringsforum ved Nettverk & Kompetansegruppa Voldadagen 2017. Arrangementet, som var ein møteplass for bedrifter, lag og organisasjonar hadde over 60 utstillarar som representerte bredda i Volda-samfunnet.

Dagleg leiar i Volda Næringsforum vil saman med medlemmar frå Nettverk & Kompetansegruppa gi ein oppsummering av Voldadagen. Og saman med dei frammøtte tenke kva ein kan få til i samband med framtidige arrangement - og Voldadagen 2018.

Praten held fram så lenge du ynskjer, fram til 09.45. Då rundar vi av.

Frukostbuffé

Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffet for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 120,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 20. september 2017, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

PS! Neste frukostmøte for medlemmane i Volda Næringsforum blir torsdag 19. oktober 2017.

Om frukostmøta i Volda Næringsforum

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).

View Event →
May
18
8:15 AM08:15

Frukostmøte i Volda Næringsforum (kvar tredje torsdag i månaden)

IMG_0177.JPG

På vegner av Nettverk- og kompetansgruppa i Volda Næringsforum inviterer vi deg til vårt faste frukostmøte 18. mai 2017.

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).

Tema for dagen: 

- Kammermusikkfestivalen ynskjer å kome i dialog med medlemmane om samarbeid. Kort presentasjon ved Åshild Widerøe (festivalkoordinator)

- Did you Geddit? Vi tar en oppdatering på kva som skal skje laurdag 20. mai - og på korleis vi best kan presentere Volda denne dagen

- Ein eller to korte presentasjoner av medlemmar (5-6 minutt) - kjem tilbake til kva for bedrifter som presenterar seg

Praten held fram så lenge du ynskjer, fram til 09.45. Då rundar vi av.

Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffet for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 120,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 16. mai 2017, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

PS! Neste møteplass for medlemmane i Volda Næringsforum blir torsdag 8. juni. Då ynskjer vi å få til ei meir sosial samling på kveldstid, med god mat, drikke og prat.

View Event →
Apr
20
8:15 AM08:15

Frukostmøte i Volda Næringsforum (fast møte)

PÅ VEGNER AV NETTVERKS- OG KOMPETANSEGRUPPA ER DET EI GLEDE Å INVITERE TIL VÅR FASTE MØTEPLASS.

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).

Grunna påska blir møtet 20. april 2017, og ikkje den tredje torsdagen i månaden.

STAD: GEIRANGER BAKERI, SPINNERIET. 

VI ET FØRST EI GOD FRUKOST I LAG, MENS VI SLÅR AV EIN PRAT RUNDT BORDA

ADCOM SØRE SUNNMØRE OG Gustav Käser Training International  PRESENTERER SEG KORT (5 MIN KVAR)

Praten held fram så lenge du ynskjer, fram til 09.45. Då rundar vi av.

Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffet for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 120,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 19. april 2017, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

PS! Neste faste frukostmøte blir torsdag 18. mai.

View Event →
Mar
30
7:00 PM19:00

Sosialt treff, VNF Handel

Vi inviterer til sosialt treff for medlemmane i VNF Handel (*).
Det er godt å kunne treffast rundt eit godt måltid og i godt lag.

Det blir eit todelt program.

  • Vi byrjer kvelden i restauranten på Porse, der vi et middag i lag. 
  • Etter middagen går vi inn i bistroen for kake og kaffi.

Der ynskjer vi å dele gode historier med kvarandre!

Vi ynskjer derfor å invitere eit par av medlemsbedriftene i VNF Handel til å seie nokre ord  om suksesser dei har hatt den siste tida.

Er du interessert i å delta - send e-post til stefan@voldaforum.no og meld kor mange de blir innan måndag 27. mars 2017.

Er du interessert i å delta, men ikkje er medlem i VNF Handel? Ta kontakt med dagleg leiar Stefan, så kan vi ta ein prat om kva for fordelar medlemskap i VNF Handel gir deg.

(* VNF Handel er gruppa for dei som driv med eller er interessert i handel og ei god utvikling for Volda som handels- og opplevingsstad. Medlemmane i VNF Handel betalar eit tillegg for å vere med i gruppa, men får mange fordelar av eit slikt medlemskap). 

View Event →
Mar
29
6:30 PM18:30

Styremøte, Volda Næringsforum

Styret i Volda Næringsforum er innkalla til styremøte 29. mars 2017 kl. 18.30 - 20.30.

Møtet finn stad i Storgata 8. Ordførar Jørgen Amdam og rådmann Rune Sjurgard stiller med møte- og talerett i styremøtet.

Saklista er som følger:

Godkjenning av innkalling og sakliste

Godkjenning av protokoll frå styremøte 08.12.2016

Årsmøte (5. April 2017 kl. 19.00 – 20.00 + sosial del)

·      Årsmelding

·      Rekneskap og budsjett 2017

·      Nominasjon, val til styret VNF

Status, dagleg leiar (munnleg)

-       Arealdel, kommuneplan Volda kommune

-       Mellom bygningane i Volda

-       Destinasjon Volda

-       Orientering om strukturstatus, undergrupper, mv.

-       Andre pågående prosessar/generell status

Møteplan

Straumavtale 2017 - 2020

Strategi og handlingsplan 2017

Eventuelt

View Event →
Mar
16
8:15 AM08:15

Frukostmøte for medlemmane i Volda Næringsforum (fast kvar tredje torsdag i månaden)

IMG_0177.JPG

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa er det ei glede å invitere til vår faste møteplass.

Kvar tredje torsdag i månaden legg vi til rette for gode møte mellom medlemmane. Vi vil òg invitere samarbeidspartnarar og andre ved høve, slik at frukostmøta i Volda Næringsforum blir ei relevant møteplass for deg og di bedrift. Der du kan mingle og både treffe kjente og nye bedrifter og menneske.

Vi ynskjer også at frukostmøta skal vere ein plass der du som medlem kan fortelje andre medlemmar om de bedrift. Og ein plass der nye medlemmar kan presentere seg for dei andre medlemmane. Dette skjer på ei uformell måte (vi kan stille med lerret og prosjektør om det er ynskjeleg).

Neste frukostmøte blir

Torsdag 16. mars 2017 – kl. 08. 15 – 09.45.

Stad: Geiranger Bakeri, Spinneriet. 

  • Vi et først ei god frukost i lag, mens vi slår av ein prat rundt borda

  • Adcom Søre Sunnmøre og Firegrader presenterer seg kort (5 min kvar)

  • Heidi Istad frå Volda kommune fortel kort om prosessen knytt til arealdelen i kommuneplanen, og kjem med nokre tips til korleis ein best kan sende innspel til planen (10 min) 

Praten held fram så lenge du ynskjer, fram til 09.45. Då rundar vi av

Geiranger Bakeri lagar til ein god frukostbuffet for oss, med gode brødvarer og anna godt på bordet.

Kvar deltakar betalar for seg – prisen er NOK 120,-. Dette betalast direkte i kassa hos Geiranger Bakeri.

Påmelding: Innan 15. mars 2017, til stefan@voldaforum.no / 953 00 397.

Vel møtt!

På vegner av Nettverks- og kompetansegruppa i Volda Næringsforum

Stefan

PS! Neste faste frukostmøte blir torsdag 20. april, grunna påskeferien.

View Event →
Feb
15
6:00 PM18:00

Hamnekvartalet/Elvadalen - ope folkemøte (Mellom Bygningane i Volda)

  • Volda samfunnshus (kommunestyresalen) (map)
  • Google Calendar ICS

Vi inviterer næringslivet til å kome på ope møte om utviklinga i sentrum. 
Det er særs viktig at dei planar som skal gjennomførast gir føreseielege rammer og stetter næringslivets behov for utvikling og vekst.

Utviklingsprosjekta berører òg mange av medlemmane i Volda Næringsforum sine interesser direkte eller indirekte. 

Saman kan vi tenke stort om Voldas framtid - og jobbe for å gjere dette til ein realitet.

View Event →
Jan
30
2:00 PM14:00

Informasjonsmøte om felles samferdselspakke Volda–Ørsta

Invitasjon til næringslivet i Volda og Ørsta

Statens vegvesen Region midt vil i samarbeid med kommunane Volda og Ørsta og Møre og Romsdal fylkeskommune invitere til informasjonsmøte om felles samferdselspakke for Volda og Ørsta.

Samferdselspakken skal gje grunnlag for bompengesøknad knytt til utbetring av E39 Volda–Ørsta, med tilhøyrande tiltak for trafikktryggleik.

Kom å gje dine innspel.

Møtet finn stad MÅNDAG 30. JANUAR KL. 1400–1600 på Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Det vil bli halde eige informasjonsmøte for innbyggjarar same stad kl. 1800–2000.

PARKERING:Vi ber om at all parkering blir gjort nede på parkeringsplassen

For meir informasjon om prosjektet sjå heimesida: www.vegvesen.no/vegprosjekter/voldaorsta

Ved spørsmål ta kontakt på: cathrine.helle-tautra@vegvesen.no

 

 

View Event →
Jan
24
8:15 AM08:15

Frukostmøte: Ny profil for Volda som handels- og opplevingsdestinasjon

IMG_0053.jpg

Årets første frukostmøte i Volda Næringsforum finn stad på Geiranger Bakeri tysdag 24. januar, kl. 08.15 - 09.45.

Marknadsgruppa i Volda Næringsforum (VNF Handel) inviterer til frukostmøte med tema "ny profil for Volda som handels- og opplevingsdestinasjon".

Vi ynskjer å syne medlemmane og andre inviterte eit utkast til ny profil for fellesannonsering og marknadsføring av Volda som handels- og opplevingsdestinasjon. Fokus er på korleis vi saman kan byggje ei tydeleg og god profil som er attraktiv for dei som ynskjer å kome til Volda for god handel og gode opplevingar.

Det vert og arbeid med ei oppdatering av profilen på Volda.com kring same tanke.

Som i tidlegare frukostmøte vil Geiranger Bakeri lage til ei god frukosttallerken som kvar enkelt betalar ved frammøte.

Påmelding til stefan@voldaforum.no innan måndag kl. 12.00

Vel møtt!

 

View Event →
Dec
1
8:30 AM08:30

Frukostseminar med tema "nye reglar for offentlege anskaffingar frå 1. januar 2017"

  • Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz (map)
  • Google Calendar ICS

I samarbeid med Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz og Ørsta Næringskontor følger vi no opp vår tidlegare samling knytt til offentlege anskaffingar. Denne gongen er det nye reglar for offentlege anskaffingar som er venta å tre i kraft frå 1. januar 2017 som er i fokus.

Regjeringa kunngjorde den 18. august 2016 regelendringar i anskaffingsforskriftene, som er venta å tre i kraft frå 1. januar 2017. Forskrftene vil då åpne for større fleksibilitet for alle anskaffingar. Til dømes hevast den nasjonale terskelverdi frå kr 500 000 til kr 1,1 million, oppdragsgjevar gis større handlingsrom når det spørjast om dokumentasjon av kvalifikasjonskrav, ein rekkje avvisningspunkt fjernast, og det gis større adgang til å bruke konkurranse med forhandling. Dette vil påverke kvardagen for så vel offentlege oppdragsgjevarar som leverandørar.

Avokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS, i samarbeid med Ørsta Næringskontor og Volda Næringsforum, inviterer til frukostseminar for ei innføring i regelendringane, og ein gjennomgang av kva fordelar og ulemper endringane vil føre med seg for både oppdragsgjevar- og leverandørsida.

Foredragshaldar er advokat/partnar Hallgrim Fagervold. Fagervold arbeider hovudsakeleg med offentlege anskaffingar og kontraktsrett/entreprise, og avslutta våren 2016 en LLM i offentlege anskaffingar og EU-rett ved University of Nottingham. 

View Event →
Nov
16
12:00 PM12:00

Lunsjseminar - gode råd knytt til arbeidslivet

Invitasjon til leiarar, mellomleiarar, HR og HMS-personell og andre aktuelle i di bedrift 

I samarbeid med Volda Næringsforum og Ørsta Næringskontor arrangerer Medi 3 lunsjseminar som vil gi deg ei blanding av aktuell forsking, relevant informasjon og gode råd knytta til arbeidslivet. 

Tid: Onsdag 16. november
Stad: Ivar Aasen-tunet
Kl.: 1200 - 1530

Gratis å delta, og lunsj er inkludert. Sjå fullt program lenger ned.


Program

Kl 12:00 Lunsj

Kl 12:45 Ørsta Næringskontor, Volda Næringsforum og Medi 3 v/Avdelingsleiar Helse Karen Longva Buset ynskjer velkomen

Kl.13:00 Innleiing av arbeidsmedisiner Håvard Hanch-Hansen og marknaddssjef Karianne Vadseth 

”Korleis få gevinst av helsefremjande arbeid og førebyggande tiltak i di bedrift?”

- HMS-Rådgivar og fysioterapeut Jan Knutsen’ 

Store delar av livet vert levd på arbeidsplassen. Arbeid er i seg sjølv ein helsebringande faktor. Fordi arbeidsplas- sen er ein viktig arena for ”helsearbeid”, er det vesentleg at både arbeidsgivarar og arbeidstakerar
er klar over kva konkrete forhold som bør vere ivaretatt for at vi skal utvikle og bevare vår helse. 

Gevinstane ligg ikkje berre i betre helse for den enkelte, men også betre økonomi for bedrifta. Helsefremjande arbeidsplassar skaper også større engasjement hjå dei tilsette, og gjer verksemda robust for påkjenning og omstilling. Kva gjer di bedrift bra, og kva kan de gjere betre? 

13.45 Pause/påfyll av kaffe

14.00 "Slik blir du kvitt energitjuvane”
- Kognitiv terapeut Alfhild Ødegård 

Kva tappar deg for energi? Sit du og dine kollegaer fast i gamle tankemønster og slit med å endre adferd? 

Kognitiv terapeut Alfhild Ødegård gir deg ei frisk opprydding både i haudet og i omgjevnadane. Her får du gode råd på korleis du kan handtere energitjuvane og korleis du kan endre tankemønster og adferd. Det handlar om å få alle til å jobbe mot samme mål, eit betre arbeidsmiljø og betre sluttresultat. Foredragshaldar er Alfhild A. Ødegård frå Medi3. Ho er klinisk spesialist/kognitiv terapeut og har lang erfaring som spesialsjukepleiar i spesialisthelsetenesten. 

14.45 ”Skap energi og motivasjon i bedrifta med fysisk aktivitet” - Fysioterapeut Guro Hydle Kvalsvik

Fysisk aktivitet som verktøy for auka energi, motivasjon, betre felleskap og lavare sjukefråvær. 

Forsking syner at friske og motiverte medarbeidarar er ein nøkkelfaktor i gode og effektive bedrifter. For den enkelte vil ein helsefremjande arbeidsplass bety betra livskvalitet gjennom auka jobbtilfredsheit og færre job- brelaterte helseplager - Nokre snakkar om friskfaktorar og langtidsfriske medarbeidarar, medan andre snakkar om jobbengasjement, trivsel og arbeidsglede. Fysioterapeut Guro Hydle Kvalsvik vil i dette foredraget snakke om korleis fokus på fysisk aktivitet kan bidra. 

15.30 Avslutning

 

 

View Event →
Oct
26
8:15 AM08:15

Frukostmøte - handel og aktivitetar haust/jul 2016

Profil- og marknadsgruppa i Volda Næringsforum ynskjer i samarbeid med VTI fotball og dagleg leiar i Volda Næringsforum å invitere til frokostmøte med tema "handel og aktivitetar haust/jul 2016".

Vi møtes og et frukost i lag, før vi tek ein kort presentasjon av det profil- og marknadsgruppa har jobba med so langt.

Følgande tema vil vere i fokus:

  • Farsdag
  • Black Friday
  • Julehandel- og aktiviteter (åpningstider, julegate, julegrantenning, mv.)
  • Andre aktiviteter i haust og i samband med jul

Samarbeid med VTI fotball om Eat, Move, Sleep førjulscup 9. - 11. desember 2016

Solveig Storeide frå VTI fotball kjem, og vil fortelje om Eat, Move, Sleep-førjulscupen dei vil arrangere i samarbeid med mellom anna Møre og Volda Næringsforum.

I samband med Eat, Move, Sleep-førjulscup vil det vere mange spennande moglegheiter innan handel og andre bransjer. Og ein flott moglegheit for å sette Volda på kartet som handels- og opplevingsstad.

Praktisk informasjon

Stad: Rokken Café
Dato: Onsdag 26. oktober
Tid: 08.15 - 09.45

Kvar enkelt kjøper frukost, som inkluderar ein frukosttallerken med drikke (juice/te/kaffe/vann). Denne koster NOK 129,- per kuvert, som betalast direkte til Rokken Café.

Påmelding til stefan@voldaforum.no / 953 00 397 innan tirsdag kl. 13.00.

Vel møtt!

 

View Event →
Oct
7
8:30 AM08:30

Frokostseminar: Sikring og inndrivelse av pengekrav

"Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz registrerer at en del bedrifter, både små og store, sliter med å få inn utestående enten det gjelder levering av varer eller tjenester. Vår erfaring er at det er det blir vanskeligere enn nødvendig da bedriftene mangler grunnleggende rutiner. En del ender opp med å selge kravene til inkassofirma for under pålydende eller at kravene i verste fall går tapt.

I samarbeid med Volda Næringsforum og Ørsta Næringskontor ønsker vi derfor å ha et frokostseminar med tema «Sikring og inndrivelse av pengekrav».

Vel møtt til frokostseminar hos Øverbjø Gjørtz i våre lokaler i Vikegata 25 i Ørsta, fredag 7. oktober 2016 - kl. 08.30 - 10.30."

Det vert servert ein lett frukost for deltakarane.

Påmelding til Espen Rekkedal på ere@ovgj.no innan 4. oktober 2016.

View Event →
Oct
4
8:00 AM08:00

Invitasjon til Mentoropplæring for språkpraksisbedrifter

  • Kaarstadbygget, Høgskulen i Volda (rom 108) (map)
  • Google Calendar ICS
 Paul Bø (Inclusion AS) og Gunnar Andenes (Volda Læringssenter) Foto: Møre/Torger Havåg

Paul Bø (Inclusion AS) og Gunnar Andenes (Volda Læringssenter) Foto: Møre/Torger Havåg

Vi ynskjer både mentorar og eventuelle andre frå di verksemd velkommen til samling 4.oktober!

Program for oppstart mentor i språkpraksisbedrifter

Samlinga vert avholdt i Kaarstadbygget, rom 108.

Lunsj vert på kantina på Berte Kanutte.

  • 0800 - 0830  Frukost. Ferske baguettar med variert pålegg, juice, kaffe og te
  • 0830              Åpning: Velkommen og praktisk informasjon
  • 0835 - 0930"Reidun Aambø, Høgskulen i Volda: "Språk og kultur - Tydingar og mistydingar»
  • 0930-0945 Awad Fathallah, Coop Prix Volda,  "Fra flyktning til butikksjef på 3 år - kva er hemmelegheita?»
  • 0945 - 1030Magnar Hjertenæs, Høgskulen i Volda «Vegleiing i et fleirkulturelt miljø" 
  • 1030- 1045  Pause inkl. servering av kaker/wienerbrød og kaffi
  • 1045-1100: Imdi v/ Morten Sonniks
  • 1100 - 1200   Mentorprogrammet "Jobbmentor" v/ Paul Bø og Gunnar Andenes
  • 1200-1300     Lunsj

Påmelding til Gunnar Andenes på gunnar.andenes@gmail.com innan torsdag 29.september. 

Meir info:

Volda og Ørsta kommune buset om lag 70 flyktningar årleg. Desse får norskopplæring gjennom introduksjonsprogrammet ved Volda læringssenter og Ørsta vaksenopplæring. Dett er eit toårig program der målsettinga er å lære seg grunnleggande norsk og grunnleggande kunnskap om norsk samfunnsliv. Kunnskap om norsk arbeidsliv er også eit viktig element. Opplæringa i norskpå skulen er sjølvsagt viktig for at flyktninggruppa skal kunne skaffe seg ei framtid i sitt nye heimland. Men for dei fleste er ikkje opplæring i klasserom tilstrekkeleg for å tileigne seg den kunnskapen som er viktig for eit liv i Noreg.

Vi har i mange år hatt eit godt samarbeid med mange bedrifter og offentlege arbeidsplassar som har tatt i mot språkpraksiselevar. Dette er vi svært glade for. Mange av våre elevar har hatt stort utbytte av språkpraksis. For nokre har det ført til fast jobb i språkpraksisbedrifta, for andre har det ført til eit utvida nettverk og gode referansar.

Tilbakemeldingane frå praksisbedriftene har vore at dette er positivt for bedrifta og dei tek gjerne sin del av dette viktige samfunnsoppdraget. Det har likevel vore ytra behov for meir opplæring av dei personane i bedrifta som har ansvaret for den daglege oppfølginga av språkpraksiskandidaten på arbeidsplassen.

I samarbeid med Høgskulen i Volda og Inclusion AS har Volda læringssenter søkt midlar frå Inkludering- og mangfaldsdirektoratet for å utvikle og tilby ei mentoropplæring til språkpraksisbedriftene.

Målsettinga med mentorordningaer:

·       Trygge mentorane i rolla med å følgje opp språkpraksiskandidaten.

·       Auke språkpraksiskandidatane sitt utbytte av språkpraksisopphaldet ved å skape ei tettare kopling mellom språkopplæringa på arbeidsplassen og på skulen

·       Gi språkpraksiskandidatane ei opplæring i skrivne og uskrivne reglar i norsk arbeidsliv

Vier glade for å kunne tilby første kurs i mentoropplæringa. Vi vonar at dette kurset vil vere nyttig og interessant for tilsette i dykkar verksemd (bedrift).  Mentorane vil vere dei som følgjer opp språkpraksiskandidaten på arbeidsplassen. Mentoropplæringa vil starte med ei samling 4. oktober der vi har vore heldige å få med Reidun Aambø og Magnar Hjertenes frå Høgskulen i Volda. Dei har lang erfaring med å undervise i temaet fleirkulturalitet og leiing ved Høgskulen i Volda. I tillegg vil Morten Sonicks frå Inkludering- og mangfoldsdirektoratet informere om direktoratet sine mål for mentorordninga.  Paul Bø frå Inclusion AS og Gunnar Andenes frå Volda læringssenter vil gå gjennom mentorprogrammet. Mentorane vil bli fulgt opp undervegs i språkpraksisperioden.  Mot slutten av året vert det ei erfaringssamling der vi kan dele erfaringar og lære av kvarandre.

View Event →
Sep
7
8:30 AM08:30

Frokostseminar: Sikring og inndrivelse av pengekrav

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz registrerer at en del bedrifter, både små og store, sliter med å få inn utestående enten det gjelder levering av varer eller tjenester.

Deres erfaring er at det er det blir vanskeligere enn nødvendig da bedriftene mangler grunnleggende rutiner. En del ender opp med å selge kravene til inkassofirma for under pålydende eller at kravene i verste fall går tapt.

Vi kommer tilbake med mer informasjon om sted, tid og konkret program, på et senere tidspunkt (NB! Tidspunktet kan også bli endret noe).

View Event →
Jun
9
8:45 AM08:45

Formiddagsseminar: Styret i storm og stille – kriser som mulighet og utfordring

PwC, Advokat rmaet Øverbø Gjørtz AS og Volda Næringsforum har gleden av å invitere til formiddagsseminar om styrearbeid, med særskilt vekt på styrets oppgaver og forpliktelser i vanskelige tider.

Advokat Hugo Marøy vil gi en oversikt over de formelle rammene for styrets arbeid, herunder daglig leders rolle og oppgave, med blant annet viktigheten av, og gode råd knyttet til styrets evne til realitetsorientering.

Advokat Johs. A. Aspehaug vil i sitt foredrag vektlegge styrets ansvar for selskapets drift og utvikling, og hvilke vurderinger som bør og skal foretas når utfordringene tårner seg opp.

Seminaret vil være praktisk lagt opp, med konkrete eksempler på rapportformat til styret, formelle handleplikter og betydningen av styrets arbeid både forut for, og under en krise. Statsautorisert revisor Oddvar Sandnes fra PwC har påtatt seg rollen som opponent til foredragsholderne, og vi tar sikte på at han, sammen med salen kan skape et dynamisk seminar.

Seminaret holdes på Hotell Ivar Aasen i Ørsta, 9. juni 2016 fra kl. 08.45, og avsluttes med lunsj kl. 11.30–12.30. 

Program:

08.45 – Kaffe og mingling

09.00 – Plassering i landskapet: v/advokat Hugo Marøy

• Hvor er du? Reality check / stemmer kart og terreng. • Nye Fjellvettregler som gjelder? • Hvor går grensen? • Kommunikasjon – relevant, korrekt
og rettidig. • Styrets plikt og ansvar.

10.20 – Krisen rammer – mulighetenes kunst: v/advokat Johs. A. Aspehaug

• Stresstest og scenarioanalyser – what if....? • Strategi – for både gode og dårlige tider. • Selskapets ledelse og administrasjon. • Styrets sammensetning • Forholdet til eksterne aktører - kunder

View Event →
Jobbmesse for Søre Sunnmøre og Nordfjord (NAV)
Mar
30
12:00 AM00:00

Jobbmesse for Søre Sunnmøre og Nordfjord (NAV)

På vegne av NAV Ørsta/Volda vidareformidlar eg invitasjon til Jobbmesse for Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Ørsta Kulturhus 30. mars 2016, 12 - 15 (med høve til å rigge stand frå 9 same dagen).

Frå invitasjonen:

"På jobbmessa kan du som arbeidsgjevar profilere bedrifta di, presentere rekrutteringsbehov og snakke direkte med jobbsøkjarar. På jobbmessa møter du både jobbskiftarar, nyutdanna, studentar/lærlingar og andre som for tida er på jakt etter jobb. Bruk denne sjansen til å vise fram bedrifta di og knyte kontakt med potensielle medarbeidarar.

Arrangementet vil bli godt kunngjort gjennom media og arbeidssøkjarar får særskild invitasjon. Jobbmessa er gratis både for utstillarar og besøkande. Bedriftene tek med eige profileringsutstyr til standen. Vi stiller med lokale og internett-tilgang.

Messa er open for arbeidssøkjarane kl. 1200 og til kl. 15.00.

Utstillarane vil ha høve til å riggestanden frå kl. 09.00

Det vert tilgang til bagettar, frukt og kaffi/te for utstillarar frå kl.11.00"

Om du er arbeidsgjevar og har interesse av å være med, ta kontakt med Oddvor F. Hovden, NAV Ørsta/Volda på 482 52 094 / oddvor.hovden@nav.no.

View Event →
Mar
14
10:00 AM10:00

Workshop - arbeidsrett

WORKSHOP – ARBEIDSRETT

Volda Næringsforum og Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange har gleden av å invitere medlemmer i Volda Næringsforum til workshop innen arbeidsrett. 

Dette er å anse som en oppfølging av tidligere gjennomført frokostseminar med samme tema. Det er ingen deltakeravgift på workshopen.

Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange bistår jevnlig både det offentlige og privat næringsliv med arbeidsrettslige spørsmål. 

Den 14. mars befinner advokatfirmaets arbeidsrettsteam seg i Volda Næringsforums lokaler i Kulturnæringshagen, Storgata 8 fra kl. 10.00 til kl. 17.00.

Representanter fra din bedrift inviteres til en uforpliktende, men konfidensiell, samtale med advokatene for en workshop/gjennomgang av aktuelle arbeidsrettslige problemstillinger som berører din bedrift . Du bestiller tid for 1 til 1,5 timers konsultasjon ved påmelding.

Aktuelle problemstillinger kan for eksempel være:

  • Hva må og bør reguleres i arbeidsavtaler, og hva bør reguleres i personalhåndbok, arbeidsreglement, instruks, mv.?
  • Hvor går grensene for hvilke endringer arbeidsgiver kan foreta i medhold av styringsretten?
  • Når kan arbeidsgiver reagere med oppsigelse/avskjed på grunn av arbeidstakers forhold (skoft, mangelfulle prestasjoner, samarbeidsproblemer, mv.)?
  • Hvordan gå riktig frem i oppsigelsesprosesser for å unngå søksmålsrisiko?
  • Hvor langt strekker arbeidsgivers tilretteleggingsplikt seg overfor arbeidstakere med redusert arbeidsevne?

Påmelding innen 10. mars per e-post til tone.brors@steenstrup.no. Vennligst angi ønsket tidspunkt, varighet (1 eller 1,5 timer) og temaer du ser for deg å ville gjennomgå.

Ingen deltakeravgift.

På vegne av Maria Elena Kvalen (Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange) og Volda Næringsforum

View Event →
Frukostseminar: Offentlege anskaffingar og samarbeid
Nov
17
8:30 AM08:30

Frukostseminar: Offentlege anskaffingar og samarbeid

Volda Næringsforum inviterer i samarbeid med Øverbø Gjørtz og Ørsta Næringskontor til frukostseminar om offentlege anskaffingar

I den seinare tida har det vore eit fokus i lokale medier knytt til offentlege anskaffingar. Fleire lokale bedrifter har gått ut og ynskjer fokus på det dei meiner er eit system som er til fordel for dei store, nasjonale aktørane. Og der dei mindre bedriftene i regionen ikkje stetter krava til anbodslevering.

Det offentlege, på si side, er pålagde å følgje reglane når det gjeld offentlege anskaffingar og innkjøp.

Med bakgrunn i dette inviterer vi til frukostseminar med tema "Offentlege anskaffingar og samarbeid".

  • Øverbø Gjørtz stiller med kompetanse innan feltet, og gir oss ei innføring i korleis ein gjennom kjennskap til reglane og samarbeid kan konkurrere om anboda frå det offentlege
  • Furene AS, ved dagleg leiar Hege Karete Hamre, fortel om Furene AS sin erfaring med anbudsprosessar og samarbeid.
  • Ose Ingeniørkontor AS, ved dagleg leiar Jonas Reitan, vil dele nokre tankar om kvifor dei valde å gå ut i lokalpressa og sette fokus på temaet anbud.

Seminaret vil vere gratis for påmelde, og det blir servert frukost med kaffe/te.

Påmelding til stefan@voldaforum.no innan fredag 13. november 2015.


View Event →
Frukostseminar: Tilsetting og oppseiing - ei innføring
Nov
12
8:00 AM08:00

Frukostseminar: Tilsetting og oppseiing - ei innføring

Kva bør arbeidsgjevar være merksam på ved inngåing og opphøyr av arbeidsforhold?

Volda Næringsforum inviterar i samarbeid med Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange til frukostseminar med tema knytt til arbeidsavtalar og oppseiing. 

Maria Elena Kvalen, advokat i Stenstrup Stordrange i Ålesund, gir ei innføring i arbeidsrett, med fokus på følgande tema:

  • "Innholdet i arbeidsavtalar: Kva må vere med og kva bør vere med?"
  • "Oppseiing av arbeidstakar - korleis gå fram for best mogleg å unngå uønska etterspel?"

Gratis frukost med kaffe/te til påmeldte deltakarar.

Påmeldingsfrist: måndag 9. november 2015, til stefan@voldaforum.no


Om Maria Elena Kvalen (Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange):

Maria Elena Kvalen er advokat ved Steenstrup Stordrange sitt kontor i Ålesund og er tilknytta firmaets arbeidsrettsgruppe.

Ho bistår både offentlege og private arbeidsgjevarar og har holdt ei rekke foredrag innan arbeidsrettslege problemstillingar.

Ho er også vegledar og sensor innan arbeidsrett for Norges Handelshøyskole og Universitetet i Bergen.

View Event →