KVA ER EIT HER&NO-PROSJEKT?

I utgangspunktet eit mellombels prosjekt i sentrum som har til hensikt å gjere Volda sentrum meir attraktivt. Dette for å skape eit meir levande sentrum av og for Volda-samfunnet.

Eit HER&NO-prosjekt er eit fysisk tiltak/installasjon eller ein aktivitet mellom bygningane i Volda. Med HER&NO ynskjer vi å heve den estetiske kvaliteten på areal mellom bygningane. Ulike HER&NO-prosjekt skal synleggjere potensialet og vise døme på korleis ein kan nytte uteareal i sentrum til å skape aktivitet, gi oppleving, skape attraksjon eller fremje noko særeige/unikt ved Volda og gje dykk eit høve til å kommentere korleis sentrum skal framstå og innehalde.

Med eit HER&NO-prosjekt får de anledning til å gje innspel til korleis de ynskjer at Volda sentrum skal vere, kva sentrum skal innehalde og korleis det skal sjå ut i sentrum i framtida.

Ved å utvikle og gjennomføre eit HER&NO-prosjekt får de god anledning til å vise fram talent og det de interesserar dykk for, i Volda og for voldingar og andre som vitjar sentrum.

Kva hjelp kan de rekne med å få frå oss –

Vi er tilretteleggjarar og vil arbeide for å få løyver frå grunneigarar, kommunen og andre myndigheiter dersom dette er naudsynt

·       Bidra med å utvikle ideen så det vert innunder premissane for eit HER&NO-prosjekt

·       Hjelpe til i designutviklingsfasen dersom det er ynskjeleg

·       Bidramed midlar til utstyr og materiale

·       Marknadsføre prosjektet og dykk

·       Dersom naudsynt, hjelpe til med å finne bidragsytarar/arbeidskraft

·       Vi vil syte for at prosjekt vert evaluert og dokumentert

·       Vi vil syte for at prosjektet vert eit innspel til den langsiktige sentrumsutviklinga

Premissar for eit HER&NO prosjekt

·       Eit HER&NO prosjekt skal kome fysisk til uttrykk i Volda sentrum (tiltak eller aktivitet)

·       Eit HER&NO prosjekt skal vere mellom bygningane

·       Eit HER&NO prosjekt skal formidle kunnskap eller deling i ein eller anna form. Dette for å styrke Volda sin posisjon som kunnskaps-, utdannings og vertskapsbygd i regionen (og nasjonalt) Det kan vere alt frå kunnskap om lag/organisasjon med tilknyting til Volda, kulturhistorisk kunnskap om Volda, kunnskap om det som er unikt for Volda, fun-facts om Volda, kunnskap om ulike verksemder som held til i Volda og kva dei driv med, kunnskap om kropp i rom m.m.

·       Byggje vidare på eksisterande planar og analyser, eller kome med kommentarar til desse.

·       Prosjektet er i utganspunktet mellombels. Dvs. alt frå ein aktivitet ein ettermiddag til ein serie med aktiviteter over ein bestemt tidsperiode, eller ein installasjon/konstruksjon som står over ei bestemt tidsperiode alt frå ein dag til to år.

Dykkar rolle

·       Initiativtakar og idéutviklar

·       Designe og utvikle ide så det vert innunder HER&NO paraplyen (dette i samarbeid med oss)

·       Syte for naudsynt arbeidskraft for å sikre gjennomføring

·       Skaffe material og utstyr (vi har avgrensa med midlar, og vert eit prosjekt dyrare enn kva vi har økonomi til, må ein finne sponsorar eller liknande. Dette vert dykkar hovudansvar, men vi vil bistå med dette så godt som mogleg.

·       Byggje/installere prosjekt mellom bygningane

·       Ev. drift og vedlikehald vert å avklare ved kvart einskild HER&NO-prosjekt

·       Nedrigging/opprydning

Vert HER&NO prosjektet vellykka og ein ynskjer å få det som eit permanent tilbod i sentrum, vert dette å drøfte undervegs og ved evaluering. I samarbeid med dykk vil vi kunne arbeide for å gjere prosjektet, deler eller heile av det permanent.

Har de ein idé til eit HER&NO-prosjekt og ynskjer å få realisert dette? Ta kontakt med prosjektleiar Stefan Halck på telefon: 953 00 397 eller e-post: stefan@voldaforum.no.